Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkfest i Kristiansand

 (24.05.2006)

– Mykje av det eg har skrive, handlar om forventningar, sa Rune Belsvik då han las frå eigne bøker på språkfesten til Studentmållaget i Kristiansand. Rune Belsvik er nok mest kjend for å skrive nynorsk barnelitteratur.

– Talentet mitt ligg nok i barnelitteraturen, det er den lettaste vegen til skryt for meg, småler den kjende forfattaren.
– Byr det på problem å vera nynorskbrukande forfattar?
– Eg hadde nok hatt større marknad på bokmål, men for meg er det heilt naturleg å skrive nynorsk. Eg veit at folk har spurt etter bøkene mine i bokhandlarar i Kristiansand og fått svaret at dei ikkje har teke dei inn grunna nynorsk. Det er diskrimineringav nynorsk litteratur.

Heldigvis finnes det bokhandlarar som ikkje berre tenkjer kortsiktig profitt, men også kultur. Nynorsk er inga kampsak for Belsvik, for han er det heilt naturleg å bruke språket sitt i den litteraturen han skriv.
– For meg er innhaldet det viktigaste i litteraturen. Men nynorsk er det mest
naturlege for meg. Eg har oversett ein del bøker til bokmål, det vert liksom ikkje rett. Så lenge ein kjempar for det nynorske språket, trur eg det vil overleve.

Må ikkje trø i graset
Rune Belsvik las frå eigne bøker om kvardagsutfordringar denne kvelden, mest av alt las han om forventningar.
- Ein god del av det eg har skrive, handlar om forventningar, noko me har mykje av. Til dømes til jul eller for å møte den store kjærleiken. Våren er komen no, mange tykkjer det er godt, men mange av oss får prestasjonsangst, sa Belsvik til ei lattermild forsamling.
– Tenk på alt som skal gjerast med sommaren, alle rekene du skal ete, ikkje
skal du trø i graset og ikkje skal du sove bort sumarnatta.

Rune Belsvik er godt kjend i den nynorske litteraturverda og har mellom anna
motteke prisar som Kulturdepartementets litteraturpris, Brageprisen, Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris. Føredraget til Belsvik var ein del av språkfesten på Høgskolen i Agder som Studentmållaget i Kristiansand (SmiK) arrangerte i starten av mai. Elles på programmet sto språkquiz med finurlege språkspørsmål og konsert med bandet Rammsund.

Teksten har stått på trykk i Norsk Tidend 3/2006

Judith Litlehamar
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no