Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Den beste veka i sumar

 (26.05.2006)

Ung og frustrert? Usikker på korleis du skal koma gjennom endå ein sumar med gamlingane på harrytur til Sverige? Sjølvsagt har Målungdomen svaret.

Sumarleir høyrer med når det er sumarferie. Om du ser på dei to orda, vil du
fort finna ut at båe startar med «sumar». Vanskelegare er det ikkje, eller kva?

Og når du i tillegg får vita at leiren kjem til å verta solrik, østfoldsk, badande, lærerik og sprutande av gode ordskifte, er det då nokon grunn til å halda seg heime? Rød skole ligg idyllisk til på Kråkerøy, rett utanfor Fredrikstad. Her skal målungdomar frå heile landet setja kvarandre stemne. Temaet for sumarleiren 2006 er Nye vegar for nynorsken, og planen er å sjå både fram- og bakover i tid, og kanskje litt ut over landegrensene òg. For kva språk- og kulturpolitikk har eigentleg EU? Korleis driv dei kampen mot danskeknotet på Færøyane? Og kva har Grand Prix med det europeiske språkmangfaldet
å gjera? Dette visste du kanskje ikkje at du lurte på, men her er det mykje interessant å læra.

Framfus i Fredrikstad
Og sjølvsagt vert det bading, volleyballturnering, Den Store NMU-Melodikappleiken IV, natursti og masse tid til å verta kjend med nynorskglad ungdom frå heile landet. Er du på jakt etter ein kjærast som likar nynorsk, er dette plassen å leita. Østfold er meir enn mosselukta og Momarknaden med avdanka kjendisar. Østfold er fylket med svaberg, kveldssol og tusen millionar soldagar kvart einaste år. Og sjølvsagt skal me kikka oss litt omkring i dette flate, men flotte fylket. Så børst støvet av badebuksa og meld deg på NMU-sumarleiren!

SUMARLEIREN 2006
Dato: 5. – 9. juli
Stad: Rød Skole, Kråkerøy, Fredrikstad
Deltakarpengar: 700 kroner for medlemer, 800 kroner for ikkje-medlemer. Deltakarpengane dekkjer reise, mat, utfl ukt og opphald.

Meld deg på:
Norsk Målungdom
Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo
Telefon: 23 00 29 40
E-post: skriv@nynorsk.no
Les meir på nynorsk.no/nmu

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no