Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny synonymordliste frå Nynodata

 (01.06.2006)

Nynodata har utvikla ei ny synonymordliste som skal vere tilgjengeleg for brukarar av Word og Office. Dei har kalla den nye nynorske synonymordlista for Ordrik.

Synonymordlista skal gjere det lett å finne nynorske synonym, og ho skal kunne hjelpe nynorskbrukarar til å finne nynorske omsetjingar av bokmålsord.
– Ordrik er laga for deg som skriv nynorsk og ønskjer litt ekstra hjelp. Om du treng å finne andre måtar å uttrykkje deg på, kan du slå opp i Ordrik og finne alternative ord, seier Bjørn Seljebotn, dagleg leiar i Nynodata. Han trur det er mange som vil like å ta i bruk dette verktøyet.
– Vi har lansert Ordrik som er ei synonymordliste for Office. Ho vil vere ei hjelp for det offentlege som skal følgje mållova, seier Bjørn Seljebotn.

Lansering
Microsoft og Nynodata nytta høvet til å lansere nyvinningane i samband med landsmøtet til Mållaget. Dette programmet er ei utviding av tilbodet frå Microsoft Office. Fordi Ordrik blir installert som ei fullverdig nynorsk synonymordliste i Microsoft Office 2000 eller nyare versjonar. For tre år sidan kom Microsoft med Office på nynorsk. No lanserer dei eit tillegg for brukarmiljøet Windows XP. LIP (Language Interface Pack) sørgjer for nynorsk orddrakt på funksjonsord i XP. LIP let brukaren installere nynorsk som eit lag på XP.
– Vi vonar det vil vere til nytte for private, utdanning/skuleverk og offentlege institusjonar, seier Knut Aasrud, administrerande direktør i Microsoft Norge.
Microsofts Office kjem med stavekontroll frå Lingsoft. Den set raude strekar ved ord som ikkje er rette. Ordrik kjem som tillegg til stavekontrollen og kan bli eit nyttig hjelpemiddel for den som er usikker på kva som er rett.

Teksten har tidlegare vore prenta i Norsk Tidend 3/06

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no