Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Historisk stor nynorsk barnebokutstilling!

 (06.06.2006)

Mange klagar over at det finst for lite barnelitteratur på nynorsk. No kan ditt lag syne fram heile 296 titlar. I høve jubileumsåret har Noregs Mållag samla 296 titlar med barnebøker på nynorsk frå ulike forlag. Du finn både nye og gamle bøker. Og desse bøkene tilbyr Mållaget til ei vandreutstilling. Først ute er Ål og Torpo Mållag på utstillinga på Ål i helga.

Utstillinga høver godt på det lokale biblioteket eller på skulen. Noregs Mållag sender deg alle bøkene i posten. Alt du treng er minst 4 -5 bokhyller eller store bord.

Med utstillinga føl det med ei liste over alle titlane. Denne lista kan laga sjølve kopiere og dele ut slik at folk som er interessert i bøker frå utstillinga lettare kan bestille dei frå sin lokale bokhandel. Lista kan og lastast ned frå internett på www.nm.no og skrivast ut i mange eksemplar.

Vilkår: Sjølve utstillinga er gratis, men laget må koste vidaresending av utstillinga til neste lag som vil ha ho. Noregs Mållag har valt å sende ho med Linjegods, men det er heilt opp til laget sjølv korleis dei vil vidaresende. Om de vel å sende med Posten må det rekne med at det kan ta over ei veke.

Utstillinga kjem i kasser som laget sjølv må pakke bøkene ned i. Med i sendinga kjem òg nokre bokhaldarar til å stille ut bøker med.

Barnebokutstillinga kan tingast ved å sende ein e-post til magnus.bernhardsen@nm.no eller ringe 23 00 29 34

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no