Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stavanger Aftenblad har språkleg fridom

 (12.06.2006)

Tom Hetland er sjefredaktør i Stavanger Aftenblad og trur på språkleg fridom hjå dei tilsette.
– Vi ønskjer å vere ei tospråkleg avis, men vi har ikkje nokon strategi for å få meir nynorsk i avisa. Kvar enkelt journalist har stor fridom til å velje språk, seier Tom Hetland.

Han legg til at det kanskje kunne vore meir nynorsk i distriktsdekkinga, men det er god nynorskdekning på kulturjournalistikken og allmennyhende.

– Redaktør i Nationen, Tove Lie, oppmodar journalistane til å ta i bruk
nynorsk. Du vil ikkje gjere det same?
– Det hender at eg oppfordrar folk til å skrive nynorsk. Generelt tykkjer vi det
er positivt at dei som vil bruke nynorsk, skriv nynorsk, seier Hetland. Han er oppteken av at deskmedarbeidarane skal kunne bruke både bokmål og nynorsk.
– Det er uheldig viss det på enkelte skift ikkje er folk som kan bruke nynorsk,
seier han.
– Over tid har nynorskdelen variert i Stavanger Aftenblad. Ein kan seie at det
har vore nokre uskrivne reglar. Eit område som har blitt opplevd som problematisk, er nynorsk i sporten og kanskje det mest utprega Stavangerstoffet.

Viss ein samanliknar med Bergens Tidende, har Stavanger Aftenblad mindre
nynorsk i spaltene. Tom Hetland meiner at desse to regionsavisene har ulike føresetnader.
– I Bergens Tidende sitt dekningsområde er skulemålsprosenten i grunnskulen 50 prosent, medan i vårt område er nynorskprosenten i grunnskulen i overkant av 25 prosent, seier Tom Hetland.
– Eg ser at det er eit meir avslappa forhold til nynorsken i dag enn berre for 10–20 år sidan, seier Hetland. Han har ikkje nokon tru på at det vert full opning for nynorsk i riksavisene, men trur det vil bli noko meir liberalt enn det har vore.

Han byrja i Stavanger Aftenblad som journalist i 1986. I studietida var han redaktør i Norsk Tidend. Då var den oppgåva eit verv, som redaktøren fekk ein mindre kompenasjon for. Tom Hetland er sjølv jærbu. Stavanger Aftenblad har fått Målprisen av Rogaland Mållag.

– Korleis trur du nynorsken held seg på Jæren?
– Jærbuen er stolt av å vere jærbu og stolt av dialekten. Han er praktisk og i næringslivet vert det brukt mykje bokmål. Nynorsken står sterkt i skulen. Deter knapt nokon bokmålselevar i Time, Klepp og Hå, seier Tom Hetland, som peikar på at siste skulemålsrøystingane i Oltedal og Ålgård synte at folk ville halde på nynorsken.
– Eitt mål i ein samanheng og eitt mål i ein annan, det er grunnleggjande i jærbuen. Men lojaliteten til nynorsken er ein del av oss, seier Tom Hetland, og legg til at språkdebatten heller aldri vert sett på spissen.
– Slik sett er det annleis enn i andre delar av landet, trur han.
– Nynorsk er eit språk med store ressursar. På Wikipedia er nynorsk på 30. plass av alle språk i verda. Sjølv om nynorsk er eit lite språk, så kjem det ut meir avisstoff på nynorsk, enn på mange andre språk, som kan ha opp mot
10–20 millionar språkbrukarar, seier Tom Hetland.
Han meiner at framtida for nynorsken kan verte svært utfordrande, både med og utan sidemålsordning.
– Om fi re år kan vi få ei regjering som kan rasere heile byggverket
for nynorsken. Nynorsk vil ha veldige ressursar å stå imot, seier Tom Hetland, men minner om at staten ikkje kan oppretthalde eit språk åleine – det kan berre brukarane.

Teksten stod på trykk i Norsk Tidend 3 / 2006.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no