Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av studentmållagsskrivar!

 (16.06.2006)

Studentmållaga i Norsk Målungdom har no gått saman om å tilsetja ein studentlagskrivar, og leitar etter den rette personen. Skrivaren skal i hovudsak vera ein støttespelar og inspirator for studentmållaga og hjelpa til med skiping av nye lag.

Oppgåver kan vera å hjelpa til med studiestartsaksjonar, halda eller organisera studiemøte, arrangera debattar om aktuelle tema og hjelpa laga med å halda seg oppdaterte på saker som er relevante for studentmållaga.

Du vil formelt vera tilsett av NMU, og har ein arbeidsfellesskap der. Det er likevel ei nemnd samansett av studentmållaga som er dei som du skal arbeida saman med, og har andsvar ovanfor.

Tilhaldstaden til deg som tilsett er fleksibel, so lenge du har tilgjenge til data/internett/telefon. Om du held til i Oslo kan me ordna arbeidsstad. Stillinga vil føra med seg ein heil del reising mellom dei forskjellige studiestadene i Noreg.

Me treng ein person med organisasjonserfaring og interesse for målsaka. Du må kunne arbeida sjølvstendig, men òg samarbeida med andre. Eige initiativ er viktig. Du kan ikkje vera redd for å ta telefonar eller snakka med framande menneske. Du må kunna skriva nynorsk nokolunde godt.

Stillinga er utlyst frå 1. august 2006 til 11. juni 2007.

Søknadsfrist: 20 juni

Send søknad og CV til
Studentmållaget i Oslo
Pb 285 sentrum
0103 Oslo
studentmaallaget@studorg.uio.no
www.smio.no

Norsk Målungdom hadde 1705 medlmer i 2005. Organisasjonen vart stifta i 1961 under namnet Noregs student- og elevmållag. NMU held til på Grønland, sentralt i Oslo, og deler skrivarstove med Noregs Mållag og Kringkastingsringen. For tida har NMU studentmållag i Oslo, Bergen, Trondheim, Volda, Kristiansand og Rauland.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no