Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha nynorsk i HSD-Gaia

 (19.06.2006)

- Dersom HSD og Gaia blir slegne saman, går Noregs Mållag og Hordaland Mållag inn for at nynorsk blir bruksspråket i den nye verksemda, seier Åsmund Lien, nestleiar i Noregs Mållag og Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag. I bystyret i Bergen er det i dag varsla at fleirtalet vil røyste for ein fusjon av transportselskapa HSD og Gaia. Det nye selskapet vil verte eit av dei større transportselskapa på Vestlandet.

- Dei to transportselskapa fraktar folk og varer i store delar av eit fylke der nynorsken har stått og står sterkt. Difor er då òg nynorsk målet i fylkeskommunen og i dei aller fleste kommunane i Hordaland. Det er like naturleg at den leiande transportverksemda i fylket nyttar dette språket, seier nestleiar Åsmund Lien i Noregs Mållag og leiar Einar Ådland i Hordaland Mållag. Dei vonar at Bergen bystyre måndag 19. juni vil slå fast at nynorsk er målet i HSD-Gaia.

Ta gjerne kontakt med:
Åsmund Lien, nestleiar i Noregs Mållag, 922 23 584 (m)
Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag, 56 14 33 12.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no