Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Linda Eide fekk første nynorskprisen frå kulturdepartementet

 (22.06.2006)

Årets vinnar av kultur- og kykjedepartementet sin nynorskpris for journalistar 2006 er Linda Eide. Det er aller første gongen at denne prisen vert delt ut. Føremålet er å fremje bruk av nynorsk i media og å årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre.

Prisen vert gjeven til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norsk media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye området.

Dette er henta frå tala til Gry Molvær ved utdelinga:
Prisvinnaren i år, seier juryen, er mest ein eigen sjanger i norske media.
- Aktiv i både radio, fjernsyn og aviser, som journalist, kåsør og forfattar.

Prisvinnaren er tydeleg stolt av nynorsken sin, og har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i norske media. Dessutan er vinnaren ein fryd å høyre på, og leikar med ord og setningar, tilpassar stilen til innhaldet, er undrande, tvisynt og kan stille spørsmål vi knapt visste at vi lurte på og det ved det meste.

"Nynorsk er friheit, orsak, fridom - under ansvar", har ho sagt.
For det er ei ho, ei kvinne, som får prisen i år.

Ho gjekk ut av Norsk Journalisthøgskule i 1990, med ei hovudoppgåve med tittelen "Er det språktvang i den frie pressa ?" Der tok ho føre seg nynorsken si stilling i NTB og åtte riksdekkande Oslo-aviser. Ho har halde på dette engasjementet for nynorsk i media og tok offentleg til motmæle då avisa for homofile og lesbiske "Blikk" nekta journalistar der å skrive nynorsk.

Prisvinnaren har arbeidd i fleire vestlandsaviser, ved distriktskontor i NRK, NRK P3, og er no tilsett ved NRK Riks i Bergen, der ho lagar program for både radio og fjernsyn. Mange vil hugse Norge Rundt-innslaget om sauen som forelska seg i hesten, roadmovie på nynorsk med ein Minimorris- samt talause radio-innslag om smått og stort, alvor og skjemt, og då særleg i programmet Norgesglaset.

Kunstverket i år av Oddvar Torsheim i Førde kan kanskje reflektere prisvinnaren sitt andre brennade engasjement utanom språket, nemleg sykkelen. Litografiet (her) ber tittelen "Skakkøyrd blåveissyklist". Seinast i fjor laga prisvinnaren fjernsynsdokumentaren og skråblikket "Døden bak styret" på NRK 1, ein hyllest til sykkelen, men og om nær døden opplevingar i ekstremsportgreina: syklist i Bergen.

Og etter at ho har vore her på dei Nynorske festspela så har eg høyrt nyss om at vossingen Linda Eide også skal sykle til fotball VM !.


Prisen er på 50.000 kroner, og eit kunstverk.
I juryen sit Tom Hetland som er sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Olaug Nilssen, forfattar og i år også festspelforfattar her ved dei Nynorske Festspela, og eg, Gry Molvær frå NRK. Magni Øvrebotten og Nynorsk Mediesenter har sekretæriatet for prisen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no