Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Forfattarspirar vann nasjonal skrivetevling

Remi og Erlend vann skrivetevlinga!

 (26.06.2006)

Remi Neverdahl Birkenfeldt og Erlend Skjetne var dei to stolte vinnarane av den nasjonale skrivetevlinga Noregs Mållag. Båe går med ein forfattar i magen.

– Planane om eit liv som forfattar er vel mest på draumestadiet, seier Erlend Skjetne (17) frå Melhus. Det hodde vore utruleg kjekt, men eg veit ikkje kva det vert til. Eg har vurdert å verta lærar – og då er det jo ingen ulempe at eg får spreia gode haldingar kring nynorsken.
Mykje av det same seier Remi Neverdahl Birkenfeldt (14) frå Dalsøyra, men han gjer eit unnatak:
– Eg kan nok aldri læra bort tysk eller teikning.

Stor tevling
Totalt kom det inn 530 tekstar, jamt fordelte i dei to klassane ungdomsskule og vidaregåande skule. Temaet var «språket mitt», og det var eit høgt nivå på mange av tekstane.
– Det var ei flygande kjensle å vita at eg hadde vunne, seier Remi. Sidan det var læraren som sendte inn tekstane, trudde eg at det vor ho som fekk vita resultatet fyrst, og difor masa eg på henne. Men Mållaget ringde meg fyrst, og eg vart sjølvsagt både glad og stolt over å vinna, smiler fjortenåringen. Han kan fortelja at teksten hans tok utgangspunkt i den språklege kvardagen i Noreg, men at han har drege det ut i det ekstreme, med eit statskupp leia av militsen «Bokmålsrevolusjonen».
Erlend hadde ikkje nokon vidare plan med skrivinga då han sette i gong:
– Eg tok utgangspunkt i tittelen «språket mitt», og så balla det berre på seg. Eg hadde ikkje nokon strukturert plan, konstaterer Erlend.
Teksten hans er eit kåseri over den norske språkstoda generelt, og målrørsla særskild. Båe får no mogleiken til å skriva fleire tekstar, for i premie får dei kvar sin berbare pc til ein verdi av 10.000 blanke kroner. Tevlinga har vorte skipa til i samband med hundreårsjubileet til Mållaget, og det er Startsida som har stått for vinarpremien.

Interesse for nynorsk
Båe kan meddela at dei er interesserte i nynorsk. Erlend kjem frå Melhus i Sør-Trøndelag, og har bytt til nynorsk hovudmål.
– Eg har alltid hatt interesse for nynorsken, og syntest det var kjekt med sidemålsundervisninga då ho tok til på ungdomsskulen, erklærer han. Til liks med Remi er han medlem i Norsk Målungdom, og er heilt klar på at han kjem til å halda på målet sitt resten av livet.
– Kvifor bytte du?
– Nynorsk er meir estetisk, og dessutan har ein det politiske perspektivet ved å kunna få lov til å skriva eit språk som ligg nærare eigen dialekt enn kva bokmålet gjer. Skjetne har heilt klart gjort seg tankar om dette emnet før, og teksten hans syner òg breie kunnskapar om målsaka.
Også Remi har ei klar oppfatning om kva som er best:
– Nynorsk for alltid! Men bokmål er jo fint i dikt, då… Dette handlar om identitet, som det står i stilen, slår Birkenfeldt fast. Han har òg lese mykje, og nemner nynorskingane Jacob Sande og Erna Osland som forfattarar han er glad i.
Forfattaren Olaug Nilssen, som leia premieutdelinga, sa etter overrekkjinga at ho rekna med å få høyra meir til desse forfattaraspirantane i framtida. Om berre ikkje bokmålsrevolusjonen kjem fyrst.

Jens Kihl
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no