Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vinnarar av skrivetevlinga til Mållaget

 (28.06.2006)

I samband med hundreårsjubileumet til Noregs Mållag vart det halde ei skrivetevling for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Skrivegleda blant norske skuleelevar var stor, og det kom inn 530 stilar. Det er seks tekstar som vert premierte og elevane som har skrive dei kjem frå heile landet.

Juryen peikte ut desse vinnarane:

Klassa for ungdomsskulen
1. Remi Neverdal Birkenfeldt, Dalsøyra skule, 14 år
2. Martin Aamodt, Samfundets skole (Kristiansand), 10 klasse
3. Snorre Gjerde, International school of Bergen, 10. klasse

Klassa for vidaregåande skule:
1. Erlend Skjetne, Melhus vgs, 17 år
2. Hannah Kolsrud Vegge, Foss vgs (Oslo), 18 år
3. Frid Hansen, Mosjøen vgs (Hattfjelldal), 3. klasse

1. premie i båe klassar var bærbar datamaskin frå startsiden.no

2. premie i båe klassar var digitalkamera frå eurofoto.no i samarbeid med Fuji Film.

3. premie i båe klassar vevkamera frå komplett.no

Oppgåveordlyden var ‘Språket mitt‘.
Dette sa juryen om teksten til Remi Neverdal Birkenfeldt, "Bokmålsrevolusjon":
" Teksten er eit oppkomme av fantasi og kreativitet. Den er burlesk og dramatisk, og den kallar på latteren. Ramma for hendinga, med statskupp, einsretting i ideologi og politikk og med politi som handhevarar for ein totalitær stat, er kjent frå fjernare delar av verda. I teksten blir dette brått kvardagen også her." (Utdrag)

og om teksten til Erlend Skjetne:
"eksten kan karakteriserast som eit kåseri. Forfattaren har det ikkje lett når han skal skrive for målfolk. Sideformer kan føre til inkonsekvens, som er nesten verre enn feil. Smisk fører ikkje fram, målfolk er immune mot det. Nynorskarven med rotfeste i det Aukrust-nasjonale er avvikla til fordel for det enkle og nøkterne, patriotane er avløyste av RV-arar med internasjonal orientering. Forfattaren hadde førebudd ei "Kantate til Mållaget, med kryssrim og det heile," men la om stilen av redsel for å bli utledd. Han må vrake "folkeånd", "det rotnorske" og "olsoknorske", og det blir såleis berre "tuskelege småtankar" att."(utdrag)

Juryen var Gudleiv Forr, kommentator i Dagbladet, Torlaug Løkensgard Hoel, professor ved NTNU og Gudrun Kløve Juuhl, skribent og norskstudent.


Heile teksten til juryen og bilete av prisvinnarane kan de få ved å kontakta Magnus Bernhardsen, 2300 2934 | 988 81 678 | magnus.bernhardsen@nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no