Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kom med framlegg til Nynorsk næringslivspris for 2006!

 (06.07.2006)

Noregs Mållag skal dela ut Nynorsk næringslivspris for første gong.
Prisutdelinga skal skje på seinhausten.

Nynorsk næringslivspris er oppretta av Noregs Mållag i styrevedtak hausten 2005. Styret vonar denne prisen vil inspirera til meir bruk av nynorsk i næringslivet.
I statuttane for prisen heiter det mellom anna at:
- Utmerkinga skal fremja innsats for og bruk av nynorsk i
næringsverksemd.
- Alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av mållova kan
motta prisen/utmerkinga.
- Alle kan koma med framlegg til juryen. Noregs Mållags styre skal i
god tid før utdelinga gå ut med invitasjon til organisasjonane i målrørsla, samarbeidspartnarar og ålmenta.
- Innhald i utmerkinga
o Diplom og plakett eller liknande
o Merke som kan nyttast i marknadsføring i trykte og elektroniske
medium
o Som minimum får vinnaren tilbod om plass til marknadsføring i eitt
år: i Norsk Tidend, på nm.no og standplass under nasjonale tilskipingar (landsmøte, seminar). Det kan drøftast ytterlegare marknadsføringshøve.

Både marknadsføring og annan kundekommunikasjon skal vurderast, og verksemda treng ikkje ha berre nynorsk som målform. Vi ser gjerne at det følgjer døme på materiell o.l. og grunngjeving med framlegga.

Les meir om prisen på Noregs Mållags nettsider Nynorsk næringslivspris.

Spørsmål om Nynorsk næringslivspris kan rettast til Berit Rekve (juryleiar og styremedlem) tlf. 958 70 611

Frist for innsending av framlegg er onsdag 20. september.

Framlegg kan sendast på e-post til gro.morken@nm.no eller til Noregs Mållag, postboks 474 Sentrum, 0105 OSLO

______________________________________________________________

Juryen for 2006:
- Berit Rekve, Oslo, styremedlem Noregs Mållag, juryleiar
- Jørn Lekve, Bergen, direktør for informasjon og samfunnskontakt Sparebanken Vest
- Christian Sulheim, Lom, konserndirektør ICA Norge og bonde, repr.
for Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
- Anne Karin Sveinall, Trondheim, rektor Adolf Øien videregående skole
- Ragnar Lurås, Skien, leiar Telemark Mållag


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no