Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ved Jon Lilletun sin bortgang

 (21.08.2006)

Det er med sorg vi har motteke meldinga om at Jon Lilletun har gått bort.

Noregs Mållag har i alle år samarbeidd godt med Jon Lilletun.
- Siste saka vi arbeidde i lag om, var sidemålet sin plass i skulen. Lilletun var ein tydeleg forsvarar av nynorsken og ein viktig medspelar for Mållaget, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. Lilletun har vore mangeårig medlem av Løvebakken Mållag.

***
Dette skriv Ivar Aasen-tunet i si pressemelding i dag:

– Vi heidrar livsverket til den rause og alltid pålitelege Jon Lilletun ved å flagge på halv stong i Ivar Aasen-tunet i dag. Det gjer vondt å vite at han no er borte, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

– Då ideen om Ivar Aasen-tunet kom opp hausten 1990, gjekk alt fort. I Stortinget var Jon Lilletun ein av dei viktigaste medhjelparane i det arbeidet som berre fem år seinare resulterte i stortingsvedtak om bygging. Lilletun såg at ideen var så stor at den måtte delast i to for å bli realisert. Forskingsdelen av prosjektet blei til Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda, medan dokumentasjons- og opplevingsdelen blei til Ivar Aasen-tunet i Ørsta, seier Grepstad.

– Så er då også Jon Lilletun den einaste som to gonger har opna Dei Nynorske Festspela, i 1998 og 2002.

Nynorskbrukarar over heile landet har mykje å takke Lilletun for. Vi gjer det i djup respekt for det Lilletun stod for, og sender våre varmaste tankar til hans nære og kjære, seier Ottar Grepstad.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no