Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk på Rema 1000!

 (30.08.2006)

Den nye Rema 1000-butikken i Volda har opna med nynorsk på alle plakatar i butikken. Dette er første butikken med "berre låge prisar" i Rema 1000-konsernet.
- Heilt supert! Dette viser jo at det ikkje er noko problem å bruka nynorsk i butikkane, sjølv om ein er med i store, landsfemnande kjeder! seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag. Ho har sjølv teke kontakt med Rema 1000-butikken på Heiane på Stord, og no vil begge Rema 1000-butikkane på Stord byta til nynorsk.

Noregs Mållag har som satsingsområde i haust å få daglegvarebransjen til å bruka nynorsk i butikkar og marknadsføring, og her kjem butikksjef Birger Løken oss i forkjøpet.
- Vår plan når det gjeld å få meir nynorsk i daglegvarebransjen, går ut på å appellera til sentral- og regionallekkane i kjedene, og få dei til å tilby materiell på nynorsk til dei av butikkane som ynskjer det, seier Hege Myklebust.

- Det er svært viktig for nynorskbrukarane i landet at dei møter nynorsk andre stader enn berre i skulebøkene og eventuelt lokalavisene. Så lenge det språklege universet som omgjev oss er så prega av bokmål som no, er det vanskeleg å bli ein sikker språkbrukar om du vel å skriva nynorsk. Me treng å møta nynorsk i bøker og blad, på internett og i radio og fjernsyn, og altså i butikkane.

- Det er ein kjempeviktig jobb Løken har gjort i Volda: Folk ynskjer nynorsk i butikkane, og dette viser at det er mogleg. No blir det vår jobb å prøva å få endå mange fleire butikkar og kjeder til å ta i bruk nynorsk materiell.

Vil du ha kontakt med Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, ring 928 16 136 (m) eller send e-post til Hege Myklebust

Nedlastbare bilete av Hege Myklebust.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no