Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget lyser ut ny næringslivspris

 (30.08.2006)

Noregs Mållag skal i haust dela ut Nynorsk næringslivspris for første gong. Prisen kan tildelast alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av mållova.
– Vi vonar ein slik pris vil inspirera til meir bruk av nynorsk i næringslivet, seier juryleiar Berit Rekve. Alle kan kan koma med framlegg til prisvinnar. Framlegg kan også omfatta verksemder som nyttar nynorsk, men som ikkje har berre dette som målform. Framlegg kan sendast til Noregs Mållag eller Noregs Mållag, postboks 474 Sentrum, 0105 OSLO

– Vi tykkjer det er viktig at også verksemder som nyttar nynorsk jamsides med bokmål i marknadskommunikasjonen sin, kan få konkurrera om ei slik utmerking. Dette kan til dømes vera landsfemnande selskap som nyttar nynorsk i dei delane av landet der nynorsk er hovudform, seier Rekve.

– Vi er glade for å ha fått dyktige folk frå næringslivet med i juryen, seier Berit Rekve.

Vinnaren vil få høve til å marknadsføra seg gjennom Mållaget sine kanalar. Verksemda får også eit prisvinnarmerke som kan nyttast på nett og i trykksaker.

Fristen for å senda inn framlegg er 20. september.

Les meir om prisen og statuttane

--------

For ytterlegare kommentarar:
Berit Rekve, juryleiar, styremedlem (næringslivsansvarleg) i Noregs Mållag, 958 70 611 (m)
Hege Myklebust, leiar Noregs Mållag, 928 16 136 (m)

------
I tillegg til juryleiaren har styret oppnemnd desse som medlemer i juryen for 2006:
Jørn Lekve, Bergen, direktør for informasjon og samfunnskontakt Sparebanken Vest

Christian Sulheim, Lom, nyleg avgått konserndirektør ICA Norge og bonde, representant
for Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Anne Karin Sveinall, Trondheim, rektor ved Adolf Øien videregående skole og tidlegare direktør i Fokus Bank

Ragnar Lurås, Skien, leiar for Telemark Mållag og journalist

Berit Rekve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no