Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stå opp mot ESA, Giske!

 (04.09.2006)

ESA, overvakingsorganet for EØS, meiner at den norske bibliotekvederlagsordninga er ulovleg.
- Noregs Mållag vil utfordre kulturminister Trond Giske til å avvise kravet frå ESA. Denne vederlagsordninga er ei viktig støtte for utgjeving av bøker på bokmål, nynorsk og samisk i Noreg, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

I dag administrerer Kultur- og kyrkjedepartementet ei støtteordning på nesten 70 millionar kroner som går til å fremje norsk- og samiskspråklege utgjevingar. Ifølgje opningsbrevet frå ESA til Noreg diskriminerer ordninga forfattarar i andre land fordi dei ikkje får same vederlaget, melder Nationen.

- Det er eit aukande press, særleg innanfor akademia, mot å publisere på engelsk. Dermed vert slike ordningar som stør opp om utgjeving på norsk, endå viktigare, seier Hege Myklebust.

- Trond Giske bør leggje til grunn eit prinsipp om at kvart enkelt land kan stø opp om eige språk og eigen kultur. Dette er med på å skape og vedlikehalde det språklege mangfaldet både i Europa og verda.

Den norske vederlagsordninga er framleis bortimot unik i verdssamanheng, og den europeiske forfattarorganisasjonen EWC arbeider for at tilsvarande ordningar skal bli innførde i andre land. EU bør heller sjå den norske ordninga som eit føredøme framfor å prøve å fjerne ordninga slik ho er i dag.

Vederlagsordninga har ein viktig funksjon i høve til å fremje norsk språk. Vederlaget vert delt ut til organisasjonane for forfattarar og journalistar, og vert mellom anna brukt til stipendordningar.

Bakgrunnen for det nye framlegget til ESA er eit vedtak i EU-kommisjonen. Kommisjonen har slege fast at ordningar som er reserverte for forfattarar som bruker landets eige språk, er diskriminerande og dermed ulovlege.

- Kulturminister Trond Giske må forlange at norsk språk- og kulturpolitikk må gå framfor omsynet til regelverket innanfor EU-marknaden, slår Hege Myklebust fast.


For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no