Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mangfaldig og folkekjær

 (15.09.2006)

I år er det hundre år sidan Jakob Sande vart fødd. I høve jubileet har Ove Eide skrive biografien om Jakob Sande sitt liv. Han meiner nynorsken har mykje å takke Jakob Sande for.
– Jakob Sande gjorde ein uvurderleg innsats for nynorsken. På 1950-og 60- talet då målrørsla og målsaka ikkje stod så sterkt alle stader, vart songane til Jakob Sande svært populære. Dei vart spelte i Ønskekonserten kvar veke.

– Det var ikkje gjennom sitt virke som samfunnsdebattant har gjorde innsatsen sin, men gjennom sitt daglege virke med å skrive dikt. Eg vil seie at han var veldig viktig for nynorsken, seier Ove Eide.
Jakob Sande dikta frå han var ung. Han debuterte i 1929 med boka Svarte næter. Han gav ut ni diktsamlingar, tre novellesamlingar, i tillegg til svært mange samleutgåver, og tekstane hans har blitt tonesette og spela inn på over 20 plater. Noko av det han har skrive, har festa seg til folkeminne.

Hugsa som moromann
– Jakob Sande vart på mange måtar fanga i rolla som moromann etter krigen. Han fekk narrerolla i livsens tragedie, som han skreiv i eit brev til Halldis Moren allereie tidleg på 30-talet, seier Ove Eide. Sande tykte til dømes ikkje det var kjekt berre å bli hugsa for ”Likfunn”. Det meste av det eg skreiv, var alvorlege ting, sa han på sine gamle dagar.
– Men han var også med og bygde opp under denne rolla. I 1965 då han skulle redigere Dikt i samling tok han vekk 49 dikt. Mange av dei var frå den tidlegare perioden i livet, tunge, mørke dikt prega av eksistensielt alvor.

Forteljartradisjon
– Jakob Sande voks opp med ein munnleg forteljetradisjon der overdrivingar og doble botnar står sentralt. Mykje av dette høver med det som gjerne vert kalla karnevalsdikting. Sande brukte også seg sjølv når han fortalde, og kanskje han fall for eige grep når han leika med rolle og biografi. Det var viktigare å fortelje ei god historie enn at det fortalde skulle vere heilt sant. Men tek ein desse forteljingane, om påhengsmotorar og idrettslege prestasjonar, på alvor, kjem ein skeivt ut. Til dømes har Sande sjølv sagt at han var vestlandsmeister i boksing – sanninga er vel den at han aldri har boksa i sitt liv, smiler Ove Eide og legg til at kanskje er det helst vestlendingar som forstår denne humoren…

Mangfaldig
– Eg ynskjer å få fram eit meir samansett bilete av Jakob Sande. Spesielt litteraturhistorikarane har framstilt Jakob Sande einsidig. Dei har vidareformidla traderte oppfatningar frå det eine litteraturhistoriske verket til det neste, fortel Ove Eide. I litteraturhistoria har ikkje den mangfaldige Jakob Sande kome fram, tvert om har det blitt lagt vekt på dei populære delane av diktinga hans.
– Det er forståelege grunnar til denne einsidige oppfatninga, seier Ove Eide. Oppfatninga av Jakob Sande vart danna på 1950-talet. Då slo han igjennom og dikta hans vart tonesette av Kurt Foss & Reidar Bøe. Gjennom heile 50-og 60-talet gav dei ut plater med songane til Jakob Sande, og dei vart veldig populære. Samtidig med dette kom den modernistiske diktinga til Noreg, med oppfatningar som gav lite rom for dei som skreiv på tradisjonelt vis.
– Etter dette vart resten av forfattarskapen sett i skuggen. Eg vil tru at om lag ti prosent av forfattarskapen er veldig godt kjend, seier Ove Eide.

Radikalar
– Jakob Sande var oppteken av at hjartelag ikkje kan forandre verda – det er berre forstanden og handlingar – som kan gjere det, seier Ove Eide. Olav H. Hauge skreiv i dagboka si at Jakob Sande syner fram personane og så må lesaren tenkje sjølv. Det er altså lesaren som må tenkje og handle, ikkje forfattaren.

Ove Eide tykkjer spennet i forfattarskapen er spennande.
– Hos Jakob Sande finn vi både store revolusjonsdikt og mørke dikt om liv og tilværet, i dialog med kulturell arv og folkedikting. Der er både humor og banning. Sande er langt i frå konsekvent og heilstøypt. I same diktboka kan han skrive både ein inderlege salme og ein parodisk nekrolog. Men han får det til å henge i hop, han får godt fram mangfaldet i det å vere menneske, seier Ove Eide.

***
Hundre år med Jakob Sande
Jakob Sande vart fødd 1. desember i 1906 i Dale i Sunnfjord. Han vart utdanna lektor ved Universitetet i Oslo, og debuterte i 1929 med diktsamlinga Svarte næter. Han skreiv dikt, noveller, salmar og viser. Deler av diktinga vart tonesett og vart svært populære slagarar på 1950- og 1960-talet.

Festframsyning for Jakob Sande
Det vert stor jubileumsfest i Fjalerhallen i Dale fredag 1. desember 2006. Det same programmet vert presentert i Førde dagen etterpå, og noko av det på Ullern vgs i Oslo laurdag 9. desember. Festframsyninga er todelt, med både "samtidsrøyster" og Sande-tolkingar med mange aktørar. Erling Lægreid er programleiar og samtidsrøystene er Kjartan Hatløy, Arnfinn Kolerud, Eldrid Lunden, Olaug Nilssen, Hans Sande og Maria Tryti Vennerød

Hege Lothe

Teksten er henta frå Norsk Tidend 4/2006
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no