Diskriminerings- og likestillingsombodet er uroa for at innvandrarar vert stengde ute frå arbeid i staten, fordi staten stiller krav om at tilsette skal kunne skrive norsk – det vil seie både nynorsk og bokmål. Ombodet meiner at løysinga må vere å ta vekk kravet om å skrive nynorsk.
– Innvandrarane må få ei fullverdig norskopplæring, det inkluderer nynorsk. Å læra å bruka nynorsk er ein del av integreringa, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.
Ho er oppteken av at det er mogleg å både tilsetje innvandrarar i staten og ta vare på nynorskbruken i statsadministrasjonen.
– Dersom søkjarar elles er kvalifiserte for jobben, bør dei få tilbod om opplæring i nynorsk dersom dei har hatt fritak under tidlegare skulegang. Ved universitet og høgskular er det til dømes vanleg at søkjarar utan pedagogisk utdanning vert tilsette i undervisningsstillingar med krav om å fullføra pedagogisk utdanning innan to år. Tilsvarande ordningar vil kunne sikre at kravet til skrivekunnskap i nynorsk ikkje blir til hinder for å tilsetje innvandrarar, seier Hege Myklebust.
Noregs Mållag har lenge vore oppteken av at skulen diskriminerer mange innvandrarungdomar når dei råder dei frå å delta i vanleg norskundervisning.
– Dei innvandrarane som faktisk lærer nynorsk gjer det vel så bra som sine etnisk norske klassekameratar, dei har ofte betre haldningar til og kunnskapar i nynorsk. I Oslo har forsøka ved Holmlia skole siste åra synt at mange innvandrarelevar har lært nynorsk og likar og meistrar det godt, seier Hege Myklebust.
– Likestillings- og diskrimineringsombodet driv sjølv diskriminering av ein minoritet ved å
gå til åtak på dei språklege rettane til nynorskbrukarane. Krav om kunnskap og skriveferdigheiter i norsk er ikkje diskriminerande når arbeidsoppgåvene nettopp krev sakshandsaming og brevskriving, påpeikar Myklebust.
For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)