Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk suksess med Blåmann

 (26.09.2006)

I løpet av dei første fem åra har Blåmann Barnebokklubb hatt heile 100 hovudbøker og spreidd over 100 000 nynorske barnebøker. I 2001 fekk Samlaget 1.7 millionar kroner i oppstartstøtte frå Stortinget for å etablere ein nynorsk barnebokklubb.

– Tykkjer du Stortinget har fått noko utav pengane dei løyvde?
– Ja, det vil eg absolutt seie. Det hadde vore umogleg å etablere Blåmann utan, for oppstartkostnadene er store. Og når vi ser kor positiv effekt bokklubben har hatt, er det ikkje tvil om at det var eit viktig tiltak. Berre til no har vi sendt ut 100 000 bøker og nådd ut til mange nye lesarar, og på lang sikt trur eg faktisk dei mange gode leseopplevingane vi har vore med å leggje grunnlaget for, vil vere viktige for framtida til nynorsken.

God effekt
Sidan oppstarten i 2001 har også talet på nynorske barnebøker som blir gjevne ut årleg, gått opp.
– I 1999 og 2000 gav Samlaget ut om lag 25 barnebøker årleg. Etter at Blåmann starta opp, har talet vore oppe i 40 titlar, fortel Erle Stokke. Ho meinar at Blåmann Barnebokklubb har vore med å gjere denne oppgangen mogleg. Salet av barnebøker gjennom bokhandelen har lenge vore så lågt at det er vanskeleg å gje ut bøker utanfor den såkalla innkjøpsordninga dersom ikkje bøkene går i bokklubb. Innkjøpsordninga gjeld ny norsk litteratur, men ikkje i same grad for omsette bøker og nyutgjevingar av til dømes klassikarar. Dette er bøker som er populære i bokklubben, og som det kjem langt fleire av no. Bokklubben har også gjeve ein positiv effekt på nynorskutgjevingar på andre forlag enn Samlaget.
– Når Blåmann Barnebokklubb kan garantere eit sal på 1000 bøker om ei bok kjem på nynorsk, syner det seg at nynorskmarknaden er interessant også for dei andre forlaga. Berre i år kjem det minst fire omsette bøker på andre forlag enn Samlaget, som ikkje hadde kome på nynorsk utan denne bokklubben, slår Erle Stokke fast.

Kvalitetsbøker
Erle Stokke er oppteken av at barnebokklubben skal tilby kvalitetsbøker til ungane.
– Kvart år har vi hatt fleire bøker som har vore nominerte til eller fått dei gjævaste prisane. Ofte er det slik at bøkene kjem som hovudbok i barnebokklubben og deretter får dei prisar. Vi tykkjer at det syner godt skjønn i forhold til kvalitet på bøkene, smiler Erle Stokke. Dei fleste bøkene som er omsette frå andre språk, har allereie fått prisar i heimlandet.
– Vi sel også godt av nye biletbøker, og dette er spesielt i bokklubbsamanheng, der andre bokklubbar ikkje ein gong tør å tilby nyskrivne biletbøker. Vi opplever ofte at dei nye biletbøkene ikkje sel like mykje i første omgang som dei gode gamle, men etterkvart sel dei seg nesten sjølv ved at folk likar dei og tingar nye for å gje dei vekk i gåve.

Godt sal
– Om lag halvdelen av medlemane kjøper hovudbok kvar gong. Dette talet er oppe i over 60% på det aller beste. Tilsvarande tal for andre klubbar er mykje lågare, der kjøper ofte ikkje meir enn 10-20% av medlemmene bøker kvar gong, fortel Erle Stokke. Med slike leseglade medlemmer sel vi om lag 1000 hovudbøker i den eldste gruppa og om lag 750 hovudbøker i den yngste, i tillegg ekstrabøker og såkalla ”backlist”. Kvart år kjem det ut ti medlemsblad i bokklubben. Det er to hovudbøker i kvart medlemsblad, ei bok for dei mellom to og seks år, og ei bok for dei mellom seks og tolv år. Utfordringa for barnebokklubben er å få inn nye medlemer, etter dei medlemane som går ut av klubben når dei er rundt tolv år.

Vil ha nye medlemer
– Kvart år er det om lag 10% av medlemane som vert for gamle for klubben. Det er ei kjempeutfordring for oss å erstatte desse medlemane med nye medlemar, fortel Erle Stokke.
Blåmann Barnebokklubb har stabilisert seg på om lag 4000 medlemar. Til no har ikkje klubben gått med økonomisk overskot, men Samlaget er oppteke av meir enn berre den økonomiske verdien. Ein ser at barnebokklubben skapar positive ringverknadar for forlaget og for nynorske barnebøker. Målsetnaden er sjølvsagt likevel at Blåmann også skal gje eit positivt økonomisk resultat, og Erle Stokke seier ho gjerne skulle sett at klubben hadde stabilisert seg på om lag 1000 fleire medlemer.
– Vi hadde levd godt med 5000 gode medlemer i klubben, slår Erle Stokke fast.

Jubileumskampanje
Kvart år vert det lagt ned store ressursar i å verve nye medlemar til klubben. Denne jubileumshausten vert det lagt ned ekstra stor innsats for å markere dei første fem åra.
– Vi trykkjer opp eit flygeblad som går til dei fleste husstandar i nynorskkommunar. Dessutan har vi eit veldig godt samarbeid med skulane i nynorskkommunar. Vi lagar eit eige skulestart-flygeblad til seks-sju åringane som vi har inntrykk av at dei fleste skulane formidlar vidare, mellom anna som såkalla ranselpost heim til foreldra. Skulane er veldig opptekne av å få fram lesegleda på eige språk, og ser heldigvis på materiellet vårt som meir enn reklame.

Denne hausten skal dei ha eit ekstra framstøyt i Oslo og Bergen med flygeblad i postkasser, istikk i aviser og utdeling på gata.
– For oss så er Oslo Noregs største nynorskkommune, og heile seks prosent av våre medlemar bur i Oslo. Det er fleire enn i til dømes i Ørsta og Volda til saman. Det er viktig å nå ut til denne målgruppa i Oslo også.


Bestseljaren gjennom 5 år:
Song for deg og meg

5 på topp, biletbøker
Olof og Lena Landström: Bøkene om Bø og Bæ
Barbro Lindgren og Olof Landström: Bøkene om Benny
Max Velthuijs: Bøkene om Frosken
Janosch: Med bjørnen og tigeren til Panama
Hallgeir og Vetle Opedal: Flekkmonsteret bygger harefelle

5 på topp, tekstbøker
Maria Parr: Vaffelhjarte
Ragnar Hovland: Bjørnen Alfred og hunden Samuel
Rune Belsvik: Bøkene om Dustefjerten + Verdas mest forelska par
Lene Kaaberbøl: Skammarserien
R.L. Stevenson: Skatten på sjørøvarøya

5 på topp i jubileumsåret
Mitt Atlas
Rotraut Berner: Sommar-Vrimlebok
Jakob Sande/Ingvild Wiken: Gåsa, katten og hanen
Valerie Thomas/Korky Paug: Bøkene om Bella Bloksberg
Lene Kaaberbøl: Katriona-serien

Teksten har tidlegare stått på trykk i Norsk Tidend 4 / 2006

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no