Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskdebatt i Møre og Romsdal

 (27.09.2006)

Møre og Romsdal fylke har nynorsk som administrasjonsspråk. No vil Torkild Solli Haukaas frå Høgre fjerne ordninga og gå over til såkalla språknøytralt administrasjonsspråk. Øyvind Fenne i Romsdal Mållag har god tru på at administrasjonsmålet framleis vil vere nynorsk i framtida.

– Me veit at overgong til språknøytralt administrasjonsspråk, i praksis vil føre til ein overgong til bokmål, seier Terje Kjøde. Han er nestleiar i Sunnmøre Mållag og leiar i Ørsta Mållag.
– Sjølve omgrepet språknøytral er eit meiningslaust uttrykk. Straks ein brukar eit språk, så er ein ikkje nøytral lenger, påpeikar Terje Kjøde.
– Kvifor trur du dette framlegget kjem no?
– Eg trur dette er eit frampeik på kva vi kan vente oss av Unge Høgre i valkampen neste år, og eg er redd at det er ingen i Høgre som vil prøve å bremse ungdomspartiet, seier Terje Kjøde
Han er ikkje imponert over argumentasjonen frå Torkild Solli Haukaas om at ein lyt ta omsyn til sakshandsamarane, fordi dei ikkje kan å skrive nynorsk.
– Eg meiner at å kunne nynorsk er ein del av arbeidet deira. Det er ikkje vanleg at juristar seier at dei ikkje kan juss, eller at ein slaktar seier at eg kan ikkje slakte, seier Terje Kjøde. Han meiner at det å kunne skrive nynorsk er ein del av det å vere ein dugande sakshandsamar.
– Lat meg seier det slik; kor mange av sakshandsamarane var dyktige i data for ti-femten år sidan. Eg vil tru at dei har greidd å lære seg å bruke data, nett slik bør det vere med nynorsken også, seier Terje Kjøde.

God tru
Øyvind Fenne i Romsdal Mållag har også engasjert seg i saka. Øyvind Fenne fortel at han vart veldig overraska då han les om saka i Romsdal Budstikke. Men han har tru på at nynorsk administrasjonsspråk vil få fleirtal i fylkestinget.
– Ja, eg har god tru. Me samarbeider med Sunnmøre Mållag og Nordmøre Mållag, og vi planlegg å samordne aktiviteten vår, fortel Øyvind Fenne.
– Førebels har det ikkje vore mykje debatt om saka sidan den kom opp i juni. Men eg trur det er knytt stor spenning og interesse til saka, når debatten først tek laust, seier Øyvind Fenne.
Også Terje Kjøde har tru på at nynorsk framleis vert administrasjonsspråket i Møre og Romsdal, og mållaga førebur seg på å gjere ein innsats i saka.
– Me vil ta kontakt med dei partigruppene til partia og enkeltpersonar på fylkestinget, seier Terje Kjøde. Dessutan vil dei bruke media og koordinere seg med andre målfolk i fylket.

Nynorsk i Fræna
Øyvind Fenne sit også i kommunestyret i Fræna kommune. Også der har Høgre fremja framlegg om at kommunen skulle gå frå nynorsk som administrasjonsspråk til språknøytralt. Øyvind Fenne held sjølv innlegg i saka og var glad for at nynorsken fekk fleirtal. Saka vart avgjort med 17 mot 14 røyster.
– Me hadde arbeidd mykje med saka, så det var ein gledeleg utgang av saka, seier Øyvind Fenne, som vonar at det vert same resultat i fylkestinget.


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no