Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sparkar i gang daglegvarekampanje

 (04.10.2006)

I desse dagar går det brev ut til alle Rema 1000-butikkane i Noreg, der dei vert oppfordra til å skifta til nynorske skilt – nett slik som butikken i Volda.
- Samtidig mottek alle laga i Mållaget ei eiga ”kampanjepakke”, fortel Åsmund Lien, nestleiar i Noregs Mållag.
– Det er opp til kvar enkelt kjøpmann å avgjera kva språk dei ynskjer å bruka i butikken sin. Me håpar difor at dei vil nytta høvet til å leggja om til nynorsk på alle skilt, og etter kvart òg i lysings- og marknadsføringsmateriell.

– Rema 1000 er den fyrste landsfemnande daglegvarekjeda som tilbyr nynorske skilt og materiell til butikkane sine, og Noregs Mållag er svært glad for at dei på denne måten viser vilje til å koma dei mange nynorskbrukande kundane sine i møte, seier Åsmund Lien, nestleiar i Noregs Mållag.

– Me er overtydde om at Rema 1000-konsernet vil ha mykje att for dette initiativet, både økonomisk og i form av godvilje mellom kundane, seier dei to. No vil dei sparka i gang ein kampanje som skal retta seg inn mot alle butikkane i Rema 1000.
– Det er ein kjempeviktig jobb Løken har gjort i Volda: Folk ynskjer nynorsk i butikkane, og dette viser at det er mogleg. No blir det vår jobb å prøva å få endå mange fleire butikkar og kjeder til å ta i bruk nynorsk materiell, seier Hege Myklebust og Åsmund Lien.

Brev til alle daglegvarekjedene
Noregs Mållag skriv også brev til alle daglegvarekjedene, med ei oppmoding om å sleppe nynorsken til i butikkane.
– Det er svært viktig for nynorskbrukarane i landet at dei møter nynorsk andre stader enn berre i skulebøkene og eventuelt lokalavisene. Så lenge det språklege universet som omgjev oss er så prega av bokmål som no, er det vanskeleg å bli ein sikker språkbrukar om du vel å skriva nynorsk. Me treng å møta nynorsk i bøker og blad, på Internett og i radio og fjernsyn, og altså i butikkane.

Teksten har tidlegare stått på trykk i Norsk Tidend 4/2006.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no