Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Statsbudsjettet og nynorsken

 (09.10.2006)

Regjeringa har lagt fram framlegg til statsbudsjettet for 2007. Mange av dagens løyvingar til nynorsktiltak vert førd vidare, men slett ikkje alle tiltaka får auka løyving. Dette er ein førebels gjennomgang av løyvingane og reaksjonane.

Dette skriv Kyrkje- og kulturdepartementet om språk og nynorsk i St.prp. 1:

"Styrking av det norske språk – økt satsing på norsk litteratur Vi mener det er nødvendig med en offensiv språkpolitikk for å styrke det norske språks posisjon. Norge er et lite språkområde, og er derfor under konstant press. Nynorsk er under et særlig press. Vi er opptatt av at bibliotekene skal gi et godt digitalt tilbud, og går inn for etable­ring av en digital nasjonal kunnskapsbase. Vi vil styrke innkjøpsordningen for norsk litteratur."

***
"Norge er et lite språkområde, og det norske språket er under konstant press. Det er behov for en offensiv språkpolitikk, slik at norsk forblir det foretrukne språk i alle deler av norsk samfunnsliv. Skriftkulturen er bærebjelken i norsk samfunns- og kulturliv. Regjeringen vil peke på det verdifulle mangfoldet som ligger i det å ha to norske skriftkulturer. Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsk gode utviklingsmuligheter. Det er nødvendig med en målrettet utvikling av litteraturpolitikken som sikrer nyskaping, mangfold og geografisk spredning innenfor både fag- og skjønnlitteratur."

Konsulentteneste for offentleg språkbruk: I 2006 vart det etablert ei konsulentteneste for offentleg språkbruk som ein del av Språkrådets sekretariat. Det er gjort framlegg om ei styrking på 1 million kroner for 2007 til vidare utbygging av tenesta.

Nynorsk digitalt leksikon: For 2007 er det sett av 1,557 mill kroner til nynorsk digitalt leksikon. Det vart også på 2006-budsjettet sett av pengar til å starte utviklinga av eit nynorsk digitalt leksikon. Desse pengane er enno ikkje brukt.
- Det er gledeleg at Nynorsk nettleksikon er tilgodesett med 1,5 million, og Mållaget vonar at det no vert sett fortgang i arbeidet med leksikonet, skriv Noregs Mållag.

Teknologi for talegjennkjenning: Departementet har sett av ei løyving til utvikling av teknologi for talegjenkjenning, slik at teknologien kan verte utvikla for både bokmål og nynorsk.

Noregs Mållag: I budsjettforslaget for 2007 blir eingongstilskotet til Noregs Mållag på 0,5 millionar kroner i 2006 vidareført til prosjekt som kan stimulere til auka bruk av nynorsk. Dermed får Noregs Mållag 2, 126 millionar kroner i løyving frå Kyrkje- og kulturdepratementet.
– Noregs Mållag har lagt ned eit solid og seriøst arbeid gjennom mange år for å betra vilkåra for nynorsken, og stimulera til auka bruka av nynorsk både i skulen, det offentlege, media og i næringslivet. Det siste er særleg satsingsområde frametter. Regjeringa har sett seg høge mål for nynorsken sin plass i samfunnet, og denne løyvinga er eit steg på vegen til å oppfylla desse måla, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Portokompensasjon: Kompensasjonsordninga til aviser for portoutgifter vert vidareført. I statsbudsjettet for 2007 gjer regjeringa framlegg om å videreføre ordninga med kompensasjon for avisenes portoutgifter. For den nynorske vekeavisa Dag og Tid er dette viktig. Framleis er det ikkje avklart kor stor del av potten avisa Dag og Tid får. Dei første signala gjekk på full kompensasjon for auka portoutgifter, men nett no ser det ut til at kompensasjonen vert på om lag 70 til 80%.

Dag og Tid: Den nynorske vekeavisa Dag og Tid får pressestøtte via kulturdepartementet. Avisa får saman med eit knippe andre publikasjonar tildelt denne støtta etter skjønn. I statsbudsjettet skriv Kyrkje- og kulturdepartementet at så lenge ein ikkje greier å sameine seg om felles tildelingskriteriar for desse publikasjonane, så bør andre enn politisk leiing i departementet føreta tildeling av løyvingar etter skjønn. Framlegget i statsbudsjettet er at heile posten "tilskot til ymse publikasjonar" vert overførd til Norsk kulturråd. Framlegget til pott for denne posten er på 12, 333 300 millionar kroner. Dag og Tid vil konkurrere med desse publikasjonane: Morgenbladet, Ny Tid, Friheten, Ruijan Kaiku, Magazinet, Norge i Dag, Korsets Seier, Ukeavisen Ledelse, Le Monde, Utrop og Samora.

Pressestøtta: Framlegg til ei samla pressestøtte for 2007 er på 308, 231 mill kroner. Dette er ein auke på 6,2%. Det er i dag 139 aviser som får pressestøtte over denne potten. Av desse er det nok i overkant av 50 nynorskaviser/språkdelte aviser som mottek støtte.
Dette meinerLandslaget for lokalaviser om framlegget til pressestøtte: "LLA synest det er positivt at produksjonstilskotet blir vidareført på eit bra nivå og at portokompensasjonen blir vidareført. Men vi hadde håpa at støtta vart inflasjonsjustert. Nå er det er i praksis ein reell nedgang. . Bruvik er òg skeptisk til signala om omfordeling av produksjonstilskotet.
– Det er heilt nødvendig for lokalavisfloraen at det er nokre aviser i denne gruppa som har ryggrad til å gå føre i utviklinga på mange område innan lokalavisområdet, ikkje minst ny teknologi, seier Thomas Bruvik, leiar i LLA.

Satsing på opplæring: 159 millionar til vaksenopplæring i frivillige organisasjonar i framlegget til statsbudsjett gjer at lokallaga i mellom anna Noregs Ungdomslag får meir støtte.
- Vi er svært glade for at regjeringa har skjønt kor viktig opplæring i dei frivillige organisasjonane er for samfunnet, og at budsjettposten er tilbake på same nivå som før kutta i 2005, seier Gunnhild Berge Stang, leiar i Noregs Ungdomslag.

Nynorsk kultursentrum: Regjeringa føreslår å løyve 383 000 kr meir til Nynorsk kultursentrum i 2007. Det er ein auke på 5,1 % frå 2006. Ein del av dette er prosjektmidlar som er overførte frå Norsk kulturråd, og som musea kunne fått som prosjektmidlar der.
– Svært mange museum har fått meir. I år har Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, ABM-utvikling, spelt ei viktig rolle i budsjettarbeidet. ABM-utvikling har tidlegare sagt til oss at dei ikkje har nokon kompetanse til å vurdere det arbeidet vi gjer som nynorskinstitusjon. Slike utsegner gir lite von om betring, seier Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum fekk 7,457 millionar kroner i løyving i 2006. Framlegget frå regjeringa i 2007 er 7,840 millionar kroner. I bakgrunnstala i budsjettet framgår det at kultursentrumet hadde i 2005 12,3 årsverk og hadde 16 379 i besøkstal i 2005. Dette er ein nedgong på over 2 000 i publikumstal i forhold til året før. I 2004 hadde Nynorsk kultursentrum eit publikumstal på 18 809. Dette var i overkant av 2003-talet som var på 18 401.

Det Norske Samlaget: Løyvinga er eit driftstilskot som går til arbeidet med å styrke nynorsk språk, litteratur og kultur og skal bidra til å gje eit breiare tilbod av bøker gjeve ut på nynorsk. Løyvinga i år var på 8, 744 millionar kroner og framlegget for 2007 er 9, 076 millionar kroner.

Norsk Ordbok: Framlegget til denne posten er i hovudsak knytt til prosjektet Norsk Ordbok 2014. Prosjektet får tilskot frå departementet og Universitetet i Oslo. Arbeidet med ordboka er frå 2002 auka veldig i tempo. Dette for å sikre at arbeidet følgjer opptrappingsplanen slik at verket ligg føre komplett i jubileumsåret 2014. Det er gjort framlegg om ei auke på 1,4 millionar kroner til vel 12 millionar kroner. Posten dekker også tilskot til Det Norske Akademi for Sprog og Litteraturs arbeid med å digitalisere dei fire opphavelege binda av Norsk Riksmålsordbok. Dermed vert heile Norsk Riksmålsordbok gjort elektronisk og samla i eitt verk.

Nynorsk pressekontor: NPK får sine løyvingar via Norsk kulturråd. For 2007 er framlegget at Nynorsk pressekontor får 3, 692 millionar kroner. Tilsvarande tal for 2006 var 3,487 millionar kroner.

Landssamanslutninga av nynorsk kommunar:
LNK får også løyvinga via Norsk kulturråd. I 2007 er det sett av 408 000 kroner til drift av LNK.

Regjeringens nynorskpris for journalistikk: Dette var ein pris som tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland lanserte i samband med opninga av Nynorsk mediesenter i Førde. Prisen vart første gong utdelt i samband med Dei nynorske festspela i 2006. Då var det Linda Eide, journalist i NRK, som fekk prisen. Det er i 2007 gjort framlegg om å setje av 225 000 kroner til dette føremålet. Det er Nynorsk mediesenter som administerer utdelinga av prisen.

Det Norsk Teatret: I følgje departementet har teatret dokumentert at dei treng ekstra løyving til å ekstraordinære og langsiktige investerings- og vedlikehaldsoppgåver. Denne løyvinga er på 2,6 mill. kroner. Det samla framlegget til løyving til teatret er på 113 826 millionar kroner. Budsjettal for 2006 var 109 659 millionar kroner. Det er store løyvingar innanfor teater. Tilsvarande tal for dei store bokmålsteatera er Nationaltheatret 126, 921 millionar kroner, Den Nasjonale Scene 81, 134 mill kroner, medan Den Norske Opera får 296, 394 mill kroner.

Innkjøpsordningane for litteratur er auka med 2 millionar kroner til barn og unge innan skjønn- og faglitteratur. Vidare er det gjort framlegg om 1 million kroner i auke til innkjøp av omsett litteratur.



Kunnskapsdepartementet
I framlegget til statsbudsjett frå Kunnskapsdepartementet, skriv dei at eit mål med arbeidet er "Grunnleggjande dugleik, brei basiskompetanse og styrkt arbeid for sosial utjamning".
For å oppnå denne målsettinga skriv dei om nynorsk i opplæringa: Ved handsaminga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring vart det slått fast at det framleis skal vere obligatorisk opplæring i skriftleg sidemål både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Ei arbeidsgruppe som har sett på norskfaget i skolen, peiker på at opplæringa i nynorsk treng merksemd både som hovudmål og sidemål. Det blir utarbeidd ein strategiplan for nynorsk i opplæringa for perioden 2007–11. Den blir lagt til grunn for arbeidet ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som er lagt til Høgskolen i Volda. Strategiplanen skal vere eit verkemiddel for å styrkje opplæringa for elevar som har nynorsk som hovudmål, og vidareutvikle fagdidaktikken og grunngivinga for nynorsk som sidemål.

Læremiddel i vidaregåande skule: Regjeringa foreslår å løyve 373 millionar kroner for 2007 til å innføre gratis læremiddel for elevar i den vidaregåande opplæringa. Ordninga skal gjelde for vidaregåande trinn 2 (Vg2) frå hausten 2007, Vg3 frå hausten 2008 og Vg1 frå hausten 2009. På tre år er dermed alle elevane i den vidaregåande opplæringa sikra gratis læremiddel. Fylkeskommunane er ansvarlege for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. Fylkeskommunane bestemmer sjølve korleis dei vil organisere gratisordninga. Regjeringa har lagt vekt på å finne ei ordning der fylkeskommunen som skuleeigar får velje læremidla i størst mogleg grad. Det skal vere med på å gjere skulane utviklingsorienterte og kvalitetsbevisste. Ordninga støttar òg føresetnaden i dei nye læreplanane om metodefridom for skulane når det gjeld bruk av læremiddel – til dømes digitale læremiddel.
Våren 2007 kjem Regjeringa til å foreslå å endre opplæringslova, sidan fylkeskommunane no får ansvar for at elevane i den vidaregåande opplæringa får gratis trykte og digitale læremiddel.

Kap 220, post 70: Tilskot til læremiddel o.a. er for 2007 sett til 38 814 mill kroner. I 2006 var tilsvarande tilskot på 38, 838 mill kroner. Kunnskapsdepartementet skriv at frå 1. januar 2007 overtek Arbeids- og inkluderingsdepartementet totalansvaret for opplæringa i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar. Dermed vil 1,5 mill kroner bli teke ut av denne potten.

Utifrå framlegget frå Kunnskapsdepartementet er det ikkje vidare spesifisert kor mykje av løyvingane som går til nynorske læremiddel. Kunnskapsdepartementet skriv dette om kva potten skal dekkje:
"Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og Post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga på post 21 og 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel til alle elevgrupper, også dei som er så små at det ikkje er grunnlag for kommersiell utvikling. Tilskottet kan bli gitt til produksjon av læremiddel for barn i barnehagar, elevar i grunnskole, vidaregåande opplæring, teknisk fagskole, vaksenopplæring på grunnskoleområdet og på vidaregåande nivå, opplæring for vaksne innvandrarar og for studentar i lærarutdanning. Tilskottsordninga blir forvalta av Utdanningsdirektoratet."

Dette skriv Utdanningsdirektoratet om i rapporten for 2005:
Det er løyvd tilskott til produksjon av læremiddel for Vg1 og Vg2 (basis- og parallellutgivingar). Det er sett i gang eit pilotprosjekt knytt til utvikling av nettbaserte læremiddel i utdanningsprogrammet for design og handverk, med overføringsverdi til læremiddelutvikling innanfor fag- og yrkesopplæringa. Det er gitt støtte til multifunksjonelle læremiddel for grunnskolen, læremiddel for hørselshemma og læremiddel for synshemma. Det er også gitt tilskott til nynorske læremiddel etter læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel innanfor alle områda.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
Under dette kapittelet ligg det fleire utviklingstiltak i skulen. Kapitlet omfattar i stor grad løyvingar som er direkte knytte til gjennomføringa av Kunnskapsløftet og til utvikling av kvalitet og kompetanse. Det omfattar læreplanar, kompetanseutvikling for lærarar, skoleleiarar, instruktørar og ansvarlege for opplæring i lærebedrifter, vidareutvikling av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og evalueringar. Vidare omfattar kapitlet løyvingar til tiltak for kvalitetsutvikling i tråd med intensjonane i reforma, som til dømes dei nasjonale strategiplanane og arbeidet for eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Skolen skal spele ei viktig rolle i arbeidet med sosial utjamning, og kapitlet gir også rom for tiltak i samsvar med dette. Heile potten er på 986, 941 mill kroner.

Eitt av desse tiltaka er kalla Gi rom for lesing! – Strategi for stimulering av leselyst og lesedugleik 2003–2007 er ført vidare. Den reviderte utgåva av strategien er knytt tett til måla i Kunnskapsløftet. Strategien blir evaluert av SINTEF, og delrapport 2 viser at planen har medverka til betre lesedugleik, auka leselyst og meir lesing hos elevane. Det nasjonale senteret ved Høgskolen i Volda arbeider med å utvikle nynorskdelen av faget.

Strategiplan for nynorsk: Under dette kapittelet 226 ligg arbeidet til Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa: Det blir utarbeidd ein strategiplan for nynorsk i skolen i 2007 som vil danne grunnlag for arbeidet ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Strategiplanen skal vere eit verkemiddel til å styrkje opplæringa for nynorskelevar og vidareutvikle fagdidaktikken og grunngivingane for nynorsk som sidemål.

Magasinett: Den nynorske nettsida for ungdom; Magasinett får 200 000 kroner frå kap 226 post 70 Ekstra tilskot for budsjettåret 2006. Departementet har gjeve signal om at dei ønskjer å sjå på vidare drift i samanheng med utforminga av strategien for nynorsk i opplæringa.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no