Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkpris til ”Lange flate ballær”

 (13.10.2006)

Suksessfilmen Lange flate ballær får no ein språkpris. Det er Østfoldmålprisen som er blitt delt ut sju gonger sidan 1996. Juryen heidrar både regissør Bjørn Nagell og produsent Harald Zwart for ein gigantisk innsats for å auke prestisjen til østfoldmålet, det som tradisjonelt har vore ein lågstatusdialekt i Noreg.
Lange flate ballær representerer humor av det gode slaget, skriv juryen, der ein ler MED folk og ikkje AV dei. Vidare heiter det at filmen har gjort det lettare ”å preke Fredrikstaddialekt” alle stader i landet, inkludert Oslo.

I juryen sit ein forfattar, to lektorar og ein representant for lokalpolitikken. Blant dei tidlegare mottakarane finn ein professor Einar Lundeby, forfattaren Øyvind Bremer Karlsen og rikskjendisane Kalle Øby og Vivi Haug.

Bjørn Nagell og Harald Zwart mottek prisen på eit arrangement på kafé Malenkij i Fredrikstad laurdag 14. oktober kl. 17.00. Til liks med utdelinga av store prisar i Harald Zwarts andre omgjevnader, blir arrangementet smykka med musikalske innslag. To Greåker-gutar syng Dum-Dum Boys og Imad og Asem Selaci frå Kosovo ”ræppær” på norsk.

Media er velkommen til å vere med på arrangementet!

Spørsmål kan rettast til leiar i Østfold Mållag Magne Aasbrenn på telefon 979 70 065. E-post: magaas@frederikii.vgs.no

Dette skreiv Fredrikstad Blad etter utdelinga.
Dette skreiv NRK Østfold på sine nettsider.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no