Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektkonferanse på Fagernes

 (17.10.2006)

Austmannalaget [Fylkesmållag for Hedmark og Oppland], Buskerud Mållag og Valdres Mållag har lenge sett med uro på utviklinga av dialektbruken blant born og unge.
– Me har sett at lokale dialektar går over i eit slags naturleg regionmål, seier Kirstine Prestmoen Tallerås, leiar i Austmannalaget. På fredag 20. oktober skipar dei til dialektkonferanse på Fagernes. I framkant av konferansen har dei allereie fått ros i avisa Valdres.
– Det nye er at mange born går rett inn i bokmål eller eit Oslo-mål i frå den dagen dei kan snakke. Situasjonen er den same anten borna veks opp i Rollag, på Gol, på Fagernes, på Tynset eller andre stader, seier Odd Oleivsgard, leiar i Buskerud Mållag.
– På denne konferansen vil me prøve å gå litt inn i kva som kan vera årsak til denne utviklinga, og om ein kan gjera noko for å stogga den, fortel Anne Berit Strømmen Strand, leiar i Valdres Mållag. Dei tre inviterer til konferanse på Fagernes 20. og 21.oktober 2006. Målgruppe er alle interesserte, med hovudvekt på foreldre, barnehagar, skulefritidsordningar og skulane.

Programmet er rikhaldig med mellom anna Unn Røyneland om Å halde eller ikkje halde på ei dialekt - kva er det som avgjer? (Tynset-undersøkinga), Arne Torp, om Talemål i endring – kvifor er dalføra på Austlandet særleg utsette? og Nina Berge Rudi om Talemålsutvikling blant unge i utvalde Austlandsområde. På laurdag skal Hallgrim Berg snakke om Er dialekt, språk og språkutvikling ei oppgåve for kommunar og folkevalde? Deretter kjem fleire lokale innspel, mellom anna frå Eivind Brenna, ordførar i Vestre Slidre, Torleif Dalseide, ordførar i Ål, Anne Lajord Bellsheim, frå barnhagen i Vang og Einfrid Hagen, frå barnehagen i Leveld og Helen Øygarden frå skulen i Vågå. Konferanseleiarar er Turid Kleiva frå Vinstra og Kjell Snerte frå Hemsedal.

Konferanse: Talemål i endring
Seminaret blir halde på Fagernes Hotell fredag 20. oktober klokka 15 til og laurdag 21. oktober 15.00.
Seminaravgift kr. 200.
Påmelding før 2. oktober til
Nils Rogn, 2973 RYFOSS
Tlf. 6136 8000 eller 976 01 655
E.postadr. nrogn@c2i.net

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no