Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Folkerøysting om språk i Stokke i Ålesund

 (19.10.2006)

Fredag 27. oktober og måndag 30. oktober går folk i Stokke skulekrins på Ellingsøya i Ålesund til urnene for å avgjere om bokmål eller nynorsk skal vere fyrste opplæringsspråket på skulen.


Slik er folkerøystinga i Stokke skulekrins:
Dato: Fredag 27. oktober og måndag 30. oktober 2006
Lokale: Stokke skule
Kan du røyste? Alle som bur i skulekrinsen, er over 18 år og har vanleg røysterett ved kommuneval og stortingsval har røysterett ved skulemålsrøystingar.

Bakgrunnen for folkerøystinga er – som det plar vere – at foreldre har teke initiativ til røysting gjennom underskriftskampanje. Dei sanka 117 underskrifter, på prikken 25% av dei røysteføre, akkurat det som krevst for at kommunen er nøydd til å lyse ut røysting.

Årsakene til at foreldre har teke dette initiativet, kan vere mange. Ofte vert det vist til manglande nynorsk lesnad utanfor skulen som viktig årsak: Elevane møter nynorsk mest berre i skulen og dermed vert det vanskeleg å byggje ei stø nynorsk målkjensle. Sameleis er det nok svært sannsynleg at mange av foreldra som har teke initiativ til røystinga sjølve ikkje kjenner seg heime i nynorsk, oppvaksne med bokmål som dei er.

Mødre for nynorsk
– Eg trur det er generelle haldningar mot nynorsk som er viktigaste drivkraft for å krevje røysting, seier Kristin Alvestad, mor til ein elev på skulen. Ho og ei rad andre mødrer har funne ut at dei slett ikkje vil sitje og sjå på at nynorsken kan verte kasta ut av skulen.

– Vi er mange som er for nynorsk som opplæringsmål på skulen, fortel Kristin Alvestad.
– Ein del foreldre har kan hende negative røynsler med å lære nynorsk fyrst som sidemål på ungdomsskulen. Desse negative røynslene dreg dei med seg seinare i livet. Om foreldra hadde lært nynorsk frå fyrste klasse, ville dei truleg ikkje fått desse negative røynslene. Om skulen held fram som nynorskskule, er det stor sjanse for at borna deira slepp å få slike negative haldningar.

Verte glade i språk
– Vi veit jo at elevar som lærer nynorsk frå fyrste klasse kjem til å verte reelt tospråklege når dei er ferdige på ungdomsskulen, medan dei som lærer bokmål fyrst slett ikkje vert tospråklege. Nei, eg er viss på at det er generelle fordomar og negative haldningar mot nynorsk som er drivkrafta, seier Kristin Alvestad.

– Vi på vår side har ingenting imot bokmål, vi er berre for noko: For at elevane skal lære og verte glade i både bokmål og nynorsk. Då er det sjølvsagt at det vert best med nynorsk heilt frå fyrste klasse for alle elevane.

Barnebokkveld
Fredag 20. oktober var det barnebokkveld på skulen med om lag 60 frammøtte. Der var også ålesundsforfattaren Marit Kaldhol. Kaldhol har skrive for born og er sjølv svært interessert i lese- og skriveopplæringa for elevane. Konferansier var Øyvind Johan Heggstad frå NRK Møre og Romsdal.

Alle bør røyste
– Vi oppmodar alle som ynskjer god grobotn for eit verkeleg språkmangfald til å gå og røyste nynorsk, seier Hege Myklebust. Ho er leiar i Noregs Mållag.
– Samstundes er det viktig at alle brukar røysteretten sin. Målet er at valresultatet skal spegle fleirtalsmeininga til veljarane, vi oppmodar difor alle til å bruke demokratiet og røysteretten, fortel Hege Myklebust.

Leiar i Noregs Mållag: Hege Myklebust har skrive lesarinnlegg om røysinga i Stokke skulekrins i Sunnmørsposten. Du kan lese innlegget her.

Mållaget arbeider mykje med nynorsk i skulen – frå barnehage og barneskule, via ungdomsskule og vidaregåande skule. Vil du vite meir om dette arbeidet? Kontakt: Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag, på telefon 975 29 700 eller på e-post.

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no