Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i Sveits

 (24.10.2006)

I Sveits løyser folk dei fleste saker og problem gjennom folkerøystingar. Stundom går folk til urnene også for å seie meininga si om språkspørsmål: I 1938 vart retoromansk godkjent som det fjerde offisielle språket (i tillegg til fransk, italiensk og tysk) etter ei folkerøysting om nett dette

I gjennomsnitt er valdeltaking ved folkerøystingar mellom 40 og 50 prosent. Bak dette gjennomsnittstalet er det likevel fleire som bruker stemmeretten sin ved folkerøystingar samla sett. Og kva fører alt dette direkte demokratiet til? Jo, folkeleg debatt, engasjement, kunnskap og ikkje minst velferd: Gleda over aktivt å ta del i samfunnsutviklinga.

Noreg-Norge er også eit språkdelt land, og har vore det nesten like lenge som Sveits har vore ein språkmangfaldig forbundsstat. Mindre kjent, men minst like viktig, er det at også vi har lang røynsle med direkte demokrati. Alt i 1892 innførte Stortinget lokale folkerøystingar. Frå og med då har det vore opp til lokalsamfunna sjølve å bruke folkerøystingar til å avgjere kva for språk - nynorsk eller bokmål - som skal vere hovudmål i grunnskulen. Berre dei siste 40 åra har det vore rundt 350 slike folkerøystingar. Jamvel i alle fylke utanom Finnmark og rundt Oslofjorden. Lokalt, direkte demokrati er såleis eit nasjonalt fenomen. Og valkandidatane som stiller opp i slike val? Jo, to grammatikkar... Eg eller jeg, ikkje eller ikke. I snitt har valdeltakinga i desse folkerøystingane vore om lag på same nivå som ved ordniære kommuneval.

Sett på spissen har språksituasjonen her til lands ført med seg ei djup demokratisering av landet. Alt i 1892 vart det opna for ålmenn stemmerett - for begge kjønn! - i folkerøystingar om språk. Mange forskjellige reglar for slike folkerøystingar har også blitt prøvd ut. I dag er dei formelt sett rådgjevande, akkurat som dei nasjonale folkerøystingane om norsk medlemskap i EU har vore. Og det slår aldri
feil: Før, rundt og under ei folkerøysting om språk vert folk engasjerte, skriv lesarbrev, snakkar med naboen og tek aktivt stilling til noko heilt sentralt: Kva målform skal barna lære i skulen? Kva språk skal brukast i lokalsamfunnet? I tillegg tel stemmene; kvar og ein har større sjanse til å påverke utfallet av slike val enn mange andre val nettopp fordi folkerøystingane er svært så lokale og talet på røysteføre i regelen lite (250 menneske i snitt). Desse valkampane, desse vala har ein eigenverdi; meiningar vert lufta og tevlar mot einannan, på same tid som demokratiet fungerer og samlar dei ulike standpunkta til ei fleirtalshaldning.

I slutten av oktober det duka for endå ei folkerøysting, denne gongen ved Stokke skule i Ålesund. Noregs Mållag både vonar og arbeider for at "vår kandidat" - nynorsken - skal få flest stemmer då. Like viktig er det at valresultatet speglar fleirtalsmeininga til veljarane.

Difor:
Bruk stemmeretten! Bruk demokratiet!

Hege Myklebust
leiar i Noregs Mållag

Lesarbrev i Sunnmørsposten, oktober 2006

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no