Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyr vinnarsalmane frå salmekonkurransen

 (26.10.2006)

Nynorsk kultursentrum fekk inn over 100 salmar til konkurransen om nye nynorske feiringssalmar. Torsdag 2. november skal tenoren Sveinung Hølmebakk urframføre dei tre vinnarsalmane i eit arrangement på Det Norske Teatret.

Salmediktarane og innhaldet i salmane er hemmeleg fram til dette arrangementet, men som feiringssalmar er det sjølvsagt mykje fest og glede i tekstane.

Songaren Sveinung Hølmebakk er kanskje mest kjend som ein av tre tenorar i Nordic Tenors, som har gjort stor suksess med showet Bella Notte, mellom anna på Christiania Theater i Oslo. Hølmebakk er også ein mykje brukt solist, og har gitt ut tre eigne CDar med salmar.

– Det er imponerande mange salmetekstar og melodiar vi har fått til vurdering. Mange av tekstane og melodiane har nok lege på det jamne, og under det, men i ein del av materialet var det absolutt mykje å gle seg over, seier juryleiar Oskar Stein Bjørlykke. Han framhever at det er tre verdige vinnarar dei har funne.

Grunnlaget for salmekonkurransen var ei etterlysing av fleire gode feiringssalmar til bruk ved dåp, konfirmasjon og bryllaup. Nynorsk kultursentrum engasjerte framståande fagfolk til juryen som blei leia av forfattar og teolog Oskar Stein Bjørlykke. Han hadde med seg musikar og komponist Henning Sommerro, prost Evy Kvamsdal og Valgerd Svarstad Haugland.

Arrangementet Dei nye feiringssalmane startar kl. 12 og er ein del av Det Norske Teatret sin faste programpost Lunsj & Lyrikk. Etter arrangementet blir vinnarane av salmekonkurransen presenterte i samband med ein eigen pressekonferanse på Det Norske Teatret.


For meir informasjon
Informasjonsleiar Gaute Øvereng, tlf. 70 04 75 78 eller 47 33 41 44
Programansvarleg Åshild Widerøe, tlf. 70 04 75 79 eller 93 02 17 42

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no