Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Blåmann Barnebokklubb jublar

5-årsfeiring med nynorsk sjokoladefabrikk

 (02.11.2006)

Blåmann Barnebokklubb feirar 5-årsjubileum i haust. Neste år kjem nynorske utgåver av både Charlie og sjokoladefabrikken og Georgs magiske medisin! Roald Dahls mest populære bøker blir hovudbøker i Blåmann, og det er Gyldendal som skal gi dei ut.
- Dette har vi ønskt oss lenge, seier bokklubbredaktør Erle Stokke, som er ekstra fornøgd med at forfattaren Ragnar Hovland har takka ja til å omsetje bøkene.

- Samtidig som Blåmann har lyfta fram spennande, nyskrivne barnebøker, har vi heile tida jobba for å få fleire av dei kjende og kjære bøkene i nynorske utgåver. Vi har etter kvart fått ein god dialog med mange forlag om dette, seier Erle Stokke.

Blåmann Barnebokklubb er den einaste nynorske bokklubben, og det første medlemsbladet gjekk ut 1. november 2001. Sidan då har Blåmann send ut over 100 000 bøker og har i dag ca 4000 medlemmer over heile landet. 75% av medlemmene bur i nynorskområda, men Blåmanns fokus på nyskriven kvalitetslitteratur har også appellert til mange litteraturinteresserte foreldrar utan nynorsktilknyting.

Les meir om Blåmann Barnebokklubb










Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no