Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målungdommar i aksjon over heile landet

 (05.11.2006)

– Det er god grunn til å feira organisert målarbeid gjennom hundre år, seier Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom. Norsk Målungdom har gjeve ein nasjonal aksjonsdag i jubileumsgåve til Noregs Mållag, og vil aksjonera i alle fylka i landet i dag tysdag 7.november.

– Denne dagen vil me synleggjera kva målrørsla har fått til gjennom hundre år. Under parolen ”Kvifor ikkje?” vil me gjera unge meir medvetne om eigne, kan hende fordomsfulle, haldningar til nynorsk, seier Midtbø Myking.

– Med målungdommar i aksjon over heile landet skal me syna at engasjementet for nynorsken er stort, og at me er mange som vil kjempa vidare. Sjølv om målrørsla kan sjå tilbake på mange seirar, er det framleis mykje som står att å vinna.

I år feirar Noregs Mållag hundre år. Ungdomsorganisasjonen deira, Norsk Målungdom er ein landsomfemnande organisasjon som arbeidar for nynorsk og dialektar mellom unge.

For meir informasjon:
Synnøve Midtbø Myking, leiar i NMU, tlf.: 90026618
Margit Ims, nestleiar i NMU, tlf.: 99268325

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no