Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fleirtal for nynorsk i Møre og Romsdal

 (07.11.2006)

Over halvparten av innbyggjarane i Møre og Romsdal, 50,6 prosent, vil at nynorsk framleis skal vere administrasjonsmålet for fylket.
– Svært gledeleg, seier dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen.

Fylkestinget i Møre og Romsdal skal snart ta stilling til om nynorsk framleis skal vere administrasjonsmålet for fylket.
Noregs Mållag er naturleg nok engasjert i spørsmålet og fekk nyleg utført ei meiningsmåling om saka blant innbyggjarane i Møre og Romsdal.
Målinga er utført av Sentio og syner at 50,6 prosent framleis ynskjer nynorsk, medan 44,8 prosent ikkje ynskjer det. 4,6 prosent veit ikkje.

Tydeleg signal
– Det er svært gledeleg at det framleis ser ut til vere stor sjanse for nynorsk i fylket. Vi i Noregs Mållag meiner at når det knappe fleirtalet av innbyggjarane framleis vil ha nynorsk, må dette tilleggjast stor vekt når fylkestinget skal ta avgjerda si, seier Gro Morken Endresen i Noregs Mållag.
Spørsmålet som vart stilt, var formulert slik: «Møre og Romsdal har vore nynorskfylke sidan fylket vart oppretta. Med nynorskfylke meiner vi at nynorsk er skriftspråket som blir brukt i fylkeskommunen. No skal saka opp i fylkestinget. Bør Møre og Romsdal framleis vere nynorskfylke?»
Undersøkinga omfattar eit representativt utval på 500 personar over 18 år i Møre og Romsdal.

Heit debatt
At det blir ein heit debatt i fylkestinget, er fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal ikkje i tvil om.
– Alle spørsmål som gjeld språket vårt, skaper stort engasjement, og eg er ikkje i tvil om at vi får ein engasjert og grundig debatt om dette når saka kjem opp, seier Aasen til NRK Møre og Romsdal.
Kva han sjølv vil stemme er han ikkje heilt sikker på enno.
– Eg har ei tid meint at det vil vere best å vere språkleg nøytralt fylke. Men i dag er eg ikkje så sikker lenger. Eg trur kanskje eg ville stemme nynorsk, røper han.

Kvinner vil ha nynorsk
Undersøkinga syner også at det er eit klart fleirtal blant kvinnene som er positive til nynorsken. Heile 57,6 prosent av kvinnene er for nynorsk, medan tilsvarande prosent for menn er 43,4.
– Når vi veit at det er kvinnene som oftast har det siste ordet til dømes i spørsmålet om kva opplæringsmål borna skal ha på skulen, må det vege tungt at fleirtalet her er klart, seier Gro Morken Endresen.
– Det sterke kvinnefleirtalet tyder på at mange nettopp vil velje nynorsk for borna sine på skulen, og det vil vere klokt av fylkestinget å lytte til dei som avgjer målforma til dei oppveksande generasjonane.
Uansett er det slik at nynorskbrukarar blir eksponert for 70 prosent bokmål i det daglege, peikar Endresen på.
– Slik er nok situasjonen også i Møre og Romsdal. I eit fylke der nynorskbrukarane utgjer ein så stor prosent, er det spesielt viktig at fylkeskommunen er med på å styrke det språkbiletet som innbyggjarane møter kvar dag, seier Gro Morken Endresen. (NPK)

Arne S. Haugen, NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no