Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meld deg inn i Blåmann Barnebokklubb!

 (16.11.2006)

5-årsmarkeringa til Blåmann Barnebokklubb går mot slutten, og mange har i løpet av hausten fått med seg at dette er ein bokklubb det er verd å bli nærare kjend med. For dei som har gått glipp av tidlegare tilbod, så kjem her ei påminning.

Alle som melder seg inn via www.blamannbok.no får 3 kvalitetsbøker gratis, heilt utan kjøpeplikt. I tillegg til velkomstpakken kan du no bestille så mange bøker du vil frå velkomsttilbodet, og berre betale kr 55,- per bok!

Du kan velje fritt mellom ei rekkje titlar frå prislønte forfattarar og illustratørar, mellom anna Rune Belsviks teateraktuelle bok om Verdas mest forelska par og Jon Fosses Kant. I tillegg får du 50% velkomstrabatt på lydbøker og kan spare heile kr 500,- på jubileumspakken med Bø og Bæ.

Blåmann er den einaste barnebokklubben som satsar på nyskriven kvalitetslitteratur for barn, og er dermed eit spennande alternativ for alle foreldr e som ønskjer å følgje med på barnebokfronten. I tillegg er vi sjølvsagt stolte av å vere den einaste nynorske barnebokklubben, og av at vi stadig kan tilby eit breidare utval av populære barnebøker på nynorsk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no