Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vill bokmålsvest i Trondheim

 (23.11.2006)

Nynorskelevar nekta hovudmålsundervisning på ungdomsskulen.
– Vi visste ikkje at elevane hadde rett på eiga hovudmålsundervising, seier rektor. Resultatet er at fem av ni nynorskelevar ikkje orka meir, og har bytt til bokmål som hovudmål.

I august 2005 byrja nynorskelevane frå Singsaker skole på ungdomsskuletrinnet på Rosenborg skole. Ved overgangen til Rosenborg skole skulle elevane velje hovudmål sjølve, og ni av dei ti elevane ynskte å halde fram med nynorsk. Før skulestart hadde foreldre til nynorskelevane saman med Noregs Mållag eit møte med Rosenborg skole for å orientere dei om kva skal rettar og plikter skulen hadde andsynes elevane. Det fyrste møtet med skulen vart nedslåande. «De har ikkje rett på lærebøker på nynorsk i anna enn norskfaget» fekk elevane melding om den fyrste skuledagen. Foreldra viste til at dette var eit opplagt lovbrot. Etter dette lét skulen elevane få lærebøkene sine på nynorsk.

Inga nynorskundervisning
Det skulle verte verre: I heile skuleåret 2005/06 fekk ikkje dei ni nynorskelevane éin einaste time hovudmålsundervisning. Trass i fleire merknader frå foreldra, meinte skulen at dei ikkje trong gje slikt tilbod til elevane. Dåverande rektor ved skulen, Lisbet Isaksen, skreiv i brev til Karl Inge Rotmo, far til ein av nynorskelevane, 24. mai 2006 at «Elevene ved Rosenborg skole, skal i henhold til loven og tolkning av loven hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, gis alt sitt skriftlige opplæringstilbud i ett av hovedmålene. Trondheim kommune har vedtatt at dette er bokmål».
– Heilt utruleg, seier Karl Inge Rotmo.
– For det fyrste er Trondheim korkje bokmåls- eller nynorskkommune. For det andre har det ingenting å seie for kva rettar og plikter skulen har for å gje borna våre ei fullgod opplæring. Lova seier klårt og eintydig frå at elevane kan velje både hovudmål og læremiddel sjølve på ungdomssteget. Det er trist at den juridiske kompetansen er så låg hjå kommunen og skulen, men endå verre er det at skulen har frårøva borna våre eitt år med hovudmålsopplæring, seier Karl Inge Rotmo, som sjølv er jurist.

Negative haldningar
Elevane og foreldra har jamt møtt negative haldningar til nynorsk frå skulen.
– På fyrste orienteringsmøtet i haust fortalde ein lærar at «no må vi diverre byrje med nynorsk sidemålsopplæring, vi får berre slite oss gjennom det», seier Anne Grethe Heim, mor til ein av nynorskelevane.
– Dotter mi har fleire gonger fått høyre frå lærarar at ho burde skifte til bokmål, men ho har trass i presset frå skulen kome fram til at ho vil halde på nynorsk, seier Anne Grethe Heim.
– Ein annan lærar fekk seg til å seie at «i år skal elevane starte med nynorsk sidemål, men vi legg det til siste time fredagane, for då er elevane så lite motiverte lell», fortel Lill Bergesen, også mor til ein av nynorskelevane.

Nynorskelevane vinn fram
Då skuleåret byrja i august, hadde dei ni nynorskelevane vorte til fire.
– Det er eigenleg meir rart at ikkje alle elevane har bytt til bokmål, seier Roar Madsen, far til ein av nynorskelevane. I haust kravde foreldra eit møte med skulen. Noregs Mållag var òg til stades, medan kommunen møtte med skuleleiing og kommuneadvokat. På møtet orsaka skulen seg for lovbrotet dei hadde gjort. Rektoren orsaka seg òg på vegner av dei svært negative haldningane som lærarar hadde spreidd på skulen. Det enda med at elevane får eiga hovudmålsundervising åleine, men fyrst etter jol.
– Den einaste læraren som er kompetent til å undervise desse elevane, kjem tilbake på skulen etter jol, fortalde rektoren. Fram til dess har skulen engasjert to nordisk-studentar til å undervise dei fire nynorskelevane i ei eiga gruppe. Like fullt skal skulen ha ros for at dei no sette i verk tiltak, seier Karl Inge Rotmo. Elevane får jamvel ein time ekstra hovudmålsundervisning for å ta igjen noko av det tapte.

Lova må skjerpast
– Det er svært ille at ein kommune på grunn av opplagd inkompetanse og fåkunne nektar nynorskelevar hovudmålsundervisning. Norskopplæringa på ungdomssteget har ingen ting å gjere med eventuelle vedtak om målbruk i ein kommune. Det har tydelegvis vore grunnlaget for den absurde praksisen på Rosenborg skole i Trondheim, seier Hege Myklebust, leiar
i Noregs Mållag.
– Elevane i Trondheim er diverre neppe dei einaste som opplever slikt, og det vert difor dess meir viktig at Noregs Mållag fylgjer opp denne saka. Det seier ikkje så reint lite at Rosenborg skole må vente med å gje nynorskelevane hovudmålsundervisning fordi ingen lærarar der meistrar nynorsk godt nok. Her er det mykje å gjere både for kommunen og for lærarutdanninga, seier Myklebust.

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no