Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målfolk provosert av Tide

 (24.11.2006)

Hordaland Mållag er både overraska og vonbrotne over mangelen på nynorsk i det nye transportselskapet Tide i Hordaland.
I haust nytta Tide såleis berre bokmål i store lysingar, også i nynorske lokalaviser.
- Alt før fusjonen var røyndom fekk det nye selskapet vedtekter, skrivne på bokmål. Når det no konsekvent held fram med berre bokmålslysingar, må me diverre slå fast at Tide til dessar ikkje har synt at det tek nynorsken på alvor, seier Einar Aadland, leiar i Hordaland Mållag.

- Ja, verre: handlingane i det siste kan lett tolkast som ein provokasjon mot nynorsken og nynorskfolk, mot nynorskbrukande trafikantar og mot dei politiske miljøa som fylgjer nøye med i det som no skjer, heiter det i ei pressemelding frå styret i Hordaland Mållag. Pressemeldinga byggjer på eit brev som fylkesmållaget har sendt til konsernleiinga i Tide.

- Me har elles sett lite til nynorsken i selskapet si verksemd i det heile i seinare tid. Den lina selskapet har lagt seg på, står i sterk kontrast til den praksisen som Fjord 1 i dei to grannefylka i nord har valt: dei satsar fullt ut på nynorsk og har også meldt seg inn i Landsamanslutninga av nynorskkommunar for å fremja dette målet.

- Det skulle vera uturvande å minna om at Tide, som eit av dei største transporttiltaka i landet, har eit stort ansvar, også kulturelt og språkleg. Ikkje minst når Tide har grunnlag i eitt av nynorsken sine kjerneområde, Hordaland, der 30 av 33 kommunar har valt nynorsk som administrasjonsspråk; dei tre andre er nøytrale.

I juni i år kom Bergen bystyre med ei samrøystes oppmoding om at det i det nye transportselskapet måtte bli teke omsyn til nynorsken når administrasjosspråk, ruteinformasjon m.m.skal leggjast fast.

Denne oppmodinga fekk støtte frå Bergens Tidende, som 24. juni skreiv på leiarplass: ” I Hordaland utmerker samferdselssektpren seg fremdeles ved å bruke begge våre offisielle målformer. I et område preget av språklig mangfold er det en berikelse og et identitetsmerke”.

Både det gamle HSD og tidlegare Gaia (gjennom innlemma selskap) hadde ein solid og tung nynorsktradisjon. HSD var den største av dei to. Då må minstekravet vera at nynorsken får ein framskoten plass i det nye Tide. Me veit alle at det er mange måtar dette kan gjerast på. Dersom der er vilje til det.
Me vonar at Tide-leiinga no legg seg i selen for å sikra nynorsken det romet som dette målet har rimeleg krav på, heiter det i pressemeldinga frå Hordaland Mållag.

Hordaland Mållag ved leiar Einar Ådland,
tlf. 56 14 33 12 e-post: didraad@online.no

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no