Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk må vere administrasjonsmålet i Møre og Romsdal

 (30.11.2006)

Kva skal vere administrasjonsmålet i Møre og Romsdal i framtida? I dag er det nynorsk, og det har det vore sidan 1923. Men etter at Høgre-representanten Torkild Solli Haukaas frå Molde reiste spørsmålet i ein interpellasjon om dette tidlegare i år, må fylkestinget igjen ta standpunkt i denne saka. Fylkestinget sitt svar, som truleg kjem i desember, bør vere enkelt og sjølvsagt: Nynorsk.

Gode argument
Det er ei rad med gode argument for det. Her nemner eg kort nokre av dei viktigaste:

- Det er fleirtal for nynorsk mellom innbyggjarane i Møre og Romsdal. Ei fersk meiningsmåling syner det.
- Praktisk talt alle som har vakse opp i Møre og Romsdal, har eit talemål som ligg mykje nærare nynorsk enn bokmål. Kvar i fylket seier ein i dialekten til dømes "jeg/jei” eller ”kastet” i staden for ”kasta”?
- Eit stort fleirtal av grunnskuleelevane har nynorsk som hovudmål, og det er ein fordel for dei. Elevar med nynorskbakgrunn tileignar seg sidemålet (bokmål) mykje lettare enn elevar med bokmåls-bakgrunn.
- Dei fleste dominerande media i landet diskriminerer eller neglisjerer nynorsken. Dagbladet og VG forbyr journalistane sine å skrive nynorsk, og NRK ligg år etter år under den pålagde nynorskkvoten på 25%. Slik vert nynorsken mindre synleg i mediebiletet og i norsk skriftkultur enn han burde vere. Det går utover nynorskbrukarane.
- Historie, tradisjon og kultur frå Ivar Aasen til m.a. Edvard Hoem, Hans Hylbakk og Marit Kaldhoel syner at Møre og Romsdal er eit nynorskfylke.

Positiv men for snever tilråding
I tilrådinga si til vedtak går fylkesdirektøren inn for at nynorsk framleis skal vere administrasjonsmålet i fylket. Det skal gjelde
- i alle saksframlegg
- i alle møteprotokollar
- i årsrapportar
- i overordna planar

Dette er bra, men ikkje omfattande nok. Det er minst like viktig at nynorsk vert brukt også i utlysingar, annonsar, brosjyrar, presse-meldingar, på nettsider og i anna informasjonsmateriell frå fylkesadministrasjonen.
Ein må vise at nynorsk er eit veleigna bruksspråk på alle område.

Eg ventar og vonar at medvitne fylkespoltikarar vil følgje opp dette når saka skal førehavast i fylkestinget.

Terje Kjøde
Nestleiar Sunnmøre Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no