Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt matmagasin på nynorsk

 (05.12.2006)

Drageset Spar lanserer eit nynorsk magasin om mat.
- Det er strålande at Drageset vel å laga magasinet sitt på nynorsk, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.
Det er ikkje fyrste gong Drageset brukar nynorsk. Kjeda har i fleire år sendt reklamemateriellet sitt ut på nynorsk, noko dei tidlegare har vunne ein pris for av mållaget.
- Dette er endå ei stjerne i boka, seier Myklebust og meiner at kundane óg kjem til å setja pris på eit matmagasin på nynorsk.
- Folk vil leggja merke til det og bli glade for noko som er annleis, trur mållagsleiaren.

Økologisk og sunn mat
Det nye magasinet frå Drageset har fått namnet ”Matgleder”. Bladet har eit opplag på 30 000 eksemplar og skal distribuerast gratis gjennom Drageset sine 18 butikkar.
- Vi ynskjer å gje lesarane noko dei kan ha glede og nytte av når dei lagar mat. I magasinet skriv vi mykje om økologisk og anna sunn mat. Dette er eit satsingsområde for oss framover, fortel marknadssjef Jarl Berentsen i Drageset.
- Utvalet av alternativ mat skal bli mykje større og enklare å finna i butikkane våre, seier Berentsen.

Raspeballar med Eikemo
”Matgleder” kjem ut fire gonger i året. I det fyrste nummeret møter lesarane ein matglad Jon Eikemo som fortel om gode og morosame matopplevingar.
- Jo fattigare folk er, jo betre mat lagar dei, seier Eikemo og har liten sans for hjortemedaljongar til 250 kroner.
Bladet elles inneheld tips om mat og trening, korleis ein kan laga sunn bursdagsfest til borna, og mykje, mykje meir.

Astrid Sverresdotter Dypvik
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no