Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ei julehelsing

 (27.12.2006)

No er det jul, og me kan sjå tilbake på eit strålande jubileumsår. Noregs Mållag er 100 år, det har me feira saman med mange gode samarbeidspartar og vener.

Stiftingshelga var det mottaking i Oslo med Kongen og Kronprinsen til stades. Eit stort og optimistisk landsmøte feira hundreårsfest med ei stjernespekka framsyning på Det Norske Teatret. Konferansen Målstrid og mangfald i Bergen sette eit fint punktum for feiringane.

Noregs Mållag vil gjerne få takka alle som har vore med på å gjera jubileumsfeiringa vår til ein fest, ikkje minst lokallaga som har stått for talrike kulturtilskipingar.

No gjer me oss klare til å møta dei neste 100 åra. No skal me gjera nynorsk synleg og brukt over alt i landet, og over alt i samfunnet!

Me i Noregs Mållag ynskjer deg ei fredeleg jul, og alt det beste for det nye målåret. Og tusen takk for alle gode minne frå det flotte jubileumsåret 2006!

Beste helsing
Hege Myklebust og Gro Morken Endresen,
leiar og dagleg leiar

***
I romjula tek staben på Noregs Mållag julefri. Viss du har ei sak du vil ta opp som hastar, kontakt ein av leiinga. Skrivarstova vert i vanleg drift att, frå tysdag 2. januar 2007.

***

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no