Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. FEBRUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Velkomen til internasjonal konferanse

 (13.10.2006)

Noregs Mållag inviterer til Målstrid og mangfald: Ein internasjonal konferanse i Bergen den 11.- 12. november. Dette blir avslutningshelga for hundreårsjubileet til Noregs Mållag i 2006.

Hundreåringen Noregs Mållag er i dag del av ei brei internasjonal rørsle med tusenvis av organisasjonar og institusjonar som kjempar mot språkleg og kulturell einsretting. Mållagets jubileumsmotto er Mange røyster – felles mål, så vi tykkjer det naturleg å skipa til internasjonal konferanse i jubileumsåret.

Det kjem språkforskarar og språkaktivistar frå heile Europa til Bergen. Mange emne vil bli tekne opp. Korleis er nynorsken sitt tilhøve til nye og gamle minoritetsspråk? Korleis kan skulen oppfylla måla om å gjera alle elevar tospråklege og fleirspråklege?

Les programmet, meld deg gjerne på konferansen og få også med deg fest på fredag kvelden. Last ned konferanseprogrammet i PDF-format nedst på sida.

Velkommen til ei spennade helg i Bergen!
Beste helsing Hege Myklebust, leiar

Relaterte filer:
Konferanseplakat (pdf-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no