Noregs Mållag har no teke til på dei neste 100 åra etter jubileumet i fjor. Det manglar ikkje på utfordringar, men samstundes er det mykje å gle seg over for oss målfolk. Me kan sjå at stadig fleire brukar nynorsk til å marknadsføra sine produkt og verksemder, fleire skriftlege media brukar meir nynorsk enn før, og nynorsk barne-TV er ein suksess, om enn alt for lite utbreidd enno.
Søgne Mållag gjev vekk ein million kroner, melder
Budstikka.com. Dei gjev pengane til Søgne kommune. Pengane skal gå til nytt bibliotek i kommunen. Søgne Mållag har fått eit utbytte på 1.2 mill. kroner ved sal av eigendom. Ein million er øyremerka ein barnekrok i det nye biblioteket i Søgne kommune, medan 200 000 kroner skal mållaget ha på konto til målarbeid.
Sofie Madelene Eide frå Kongsbakken VGS gjekk heilt til topps i Troms Mållag si novelletevling som dei skipar til i samarbeid med avisa Nordlys. Med Ida Ramberg frå Breivika VGS og Ingrid Agnete Medby frå Kongsbakken på dei neste plassane, gjorde jentene reint bord.