Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Berit Rekve ny leiar i Mediemållaget

 (22.01.2007)

Mediemållaget valde Berit Rekve til ny leiar under årsmøtet 21.januar. Rekve er frå Oslo og arbeider som kommunikasjonsrådgjevar. Ho er også styremedlem i Noregs Mållag.

- Laget skal arbeida vidare for meir nynorsk i media og å stø særleg opp om journalistar som nyttar nynorsk. Dessutan er kontakten med journalistutdanningane viktig for oss. I løpet av 2007 skal vi også markera at det er tretti år sidan Mediemållaget vart skipa, seier Rekve.

Dei andre i styret er; Judith Sørhus Litlehamar (Bygdaposten), Grunde Grimstad (Dagens Næringsliv), Arne Olav L. Hageberg (Tidsskrift for Norsk Psykologforening) og Ingvild Aursøy Måseide (Vikebladet/Vestposten). Varamedlemer er Ingvild Bryn (NRK Dagsrevyen) og Inger Johanne Sæterbakk (NRK Troms og Finnmark).

Mediemållaget er eit yrkesmållag for presse, radio, fjernsyn, forlag, reklame og informasjonsverksemd. Laget er tilslutta Noregs Mållag

For ytterlegare kommentarar
Berit Rekve, mob. 958 70 611

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no