Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag vil hjelpe Elle med nynorsken

 (23.01.2007)

Under eit seminar om nynorsk i riksmedia opna sjefsredaktør i Elle, Signy Fardal, for bruk av nynorsk i motemagasinet. Dagleg leiar i Noregs Mållag lova spontant all den språklege hjelpa magasinet kunne ha bruk for.

Kringkastingsringen hadde invitert Fardal til å sitje i eit panel under seminaret "Språkreisa - nynorskingar i riksmedia" for å snakke om hennar vandring frå nynorskbrukande journalist til bokmålsbrukande redaktør. Men under ein gjennomgang av kva rom det var nynorsk i dei ulike redaksjonane, måtte Fardal innrømme at det ikkje var nokon prinsipell grunn til det ikkje var nynorsk i spaltene til Elle. Det var berre noko ein aldri hadde vurdert. Og svaret kom spontant.

- Vi skal gjere eit forsøk. No er det planta ein tanke og eg skal sjå om vi ikkje kan teste dette ut i bladet. Eg har til og med fleire i redaksjonen som er skriveføre på nynorsk.

Og då fleire av journalistane under debatten hadde klaga over at det ikkje var noko nynorsk støtteapparat i dei ulike redaksjonane, var Mållaget rask på avtrekkjaren for å understreka at det skulle vere det minste problemet.

- Om Elle verkeleg vil opne opp for nynorsk i spaltene sine, vil skrivarstova i Noregs Mållag stå til dykkar fulle disposisjon, sa dagleg leiar Gro Morken Endresen.



(F.v.: Audhild G. Rotevatn (Kanal 24), Signy Fardal (Elle), Kjell-Erik Kallset (Dagsavisen) og Hege Myklebust (Leiar Noregs Mållag)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no