Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Øystein Grønmyr attvald som leiar i Sula Mållag

 (01.03.2007)

På årsmøtet i Sula Mållag 25. januar, vart Øystein Grønmyr attvald som leiar. Med seg i styret har han Liv Eikrem, Arne Lerheim, Asbjørn Tryggestad, Bente Iversen Breivik og varafolka Jan Erik Andreassen, Frank Vågnes og Marit Dybvikstrand Sandvik. Både årsmelding, rekneskap og val gjekk greitt unna.
2006 har vore eit aktivt år for mållaget der laget gjennom ymse arrangement også har markert Noregs Mållag sitt 100 års-jubileum. Sula Mållag arbeider for at både komande generasjonar - born og unge - næringsliv og det offentlege skal nytte nynorsk som målform. Mellom anna har laget premiert nynorske innslag under Ungdomens kulturmønstring, gjeve bokpakke til Bjørkavåg Barnehage og delt ut målpris. Fleire har motteke skrytekort frå Sula Mållag, mellom andre har Robert ”Post” Fylling fått skryt for sin gode bruk av dialekten sin i intervju og i andre samanhengar. Første aktiviteten for Sula Mållag er premiering av beste nynorskinnslag under Ungdomens kulturmønstring, og i mars er mållaget vertskap for årsmøtet til Sunnmøre Mållag. Ei stor utfordring for Sula Mållag sine om lag 50 medlemer er å auke medlemsmassen og ikkje minst verve yngre medlemer til mållaget.

Bente Iversen Breivik
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no