Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heider til fagforeiningstoppar og regionråd

 (05.03.2007)

To fagforeiningstoppar vart laurdag 3. mars heidra for framifrå bruk av nynorsk og dialekt. På årsmøtet til Hordaland Mållag fekk Arne Johannessen, leiar i Politiets Fellesforbund, laget sin Målpris. Leif Sande, leiar i Fagforbundet for industri og energi, fekk Målblome frå Lindås Mållag. Regionrådet Nordhordland IKS vart heidra med fylkesmållaget sin Målblome.

Arne Johannessen (t.h.), leiar i Politiets Fellesforbund, fekk Hordaland Mållag sin målpris ved leiar Einar Ådland. (Foto: Livar Aksnes)


- Arne Johannessen får prisen fordi han på framifrå vis nyttar nynorsk i alle samanhengar i arbeidet sitt, og med det syner at dette språket er ein glimrande retorisk reiskap og eit smidig verkty med gjennomslag i alle lag av folket, seier leiar i Hordaland Mållag, Einar Ådland.
-Arne Johannessen både talar og skriv nynorsk med kraft, engasjement og overtyding. Som landskjend og høgt respektert forbundsleiar er han ein av nynorsken sine aller beste representantar, sa mållagsleiaren.

-Leif Sande er Målblome-vinnar fordi han held på dialekten sin på ein flott måte når han står fram offentleg, såleis både i intervju og debattar, og det er lett å høyra kor han har dei språklege røtene sine. Særleg viktig er dette fordi han arbeider i bransjar der påverknaden frå engelsk er så sterk, seier Anna K. Valle, leiar i Lindås Mållag.
-Me har òg med glede registrert at det i forbundet som Sande er leiar for er takhøgd for å nytta nynorsk i informasjonsarbeidet. Me takkar Sande,som er medlem i Lindås Mållag, for innsatsen, legg ho til.

På årsmøtet til fylkesmållaget, som er halde på Westland Hotel i Lindås 3. og 4.mars, fekk Regionrådet Nordhordland IKS Målblomen til Hordaland Mållag for levande og dugande nynorskbruk i informasjonsarbeidet sitt.
Det skjer mellom anna på heimesidene til rådet og i publikasjonen ”Nye Nordhordland”, eit annonsebilag til Bergens Tidende som kom med fyrste utgåva tidleg i 2007. Regionrådet stig her fram med ein tiltalande og innhaldsrik nynorsk profil. Det var leiaren i regionrådet, Masfjorden-ordførar Håkon Matre, som tok mot prisen laurdag på vegner av rådet.

Arne Johannessen er fødd i 1958 i Øystese i Hordaland . Etter eksamen på Statens Politiskule i 1982 flytte han til Luster i Sogn og Fjordane. Han har permisjon frå stillinga som lensmann i Sogndal. Johannessen har vore politisk aktiv i Arbeidarpartiet i fleire år. Johannessen er tillitsvald på høgt nivå sidan 1988, han vart leiar i Lensmannsetatens Landslag frå 1990 og i Politiets Fellesforbund i 2000. Dette forbundet er den største fagorganisasjonen i politi- og lensmannsetaten med omkring 10.000 medlemer.

Leif Sande er fødd i 1953 i Lindås i Hordaland. Han var sjømann før han utdanna seg som bilmekanikar. Sande var raffineriarbeidar på Mongstad i nokre år og vart tillitsvald på ulike plan i fagrørsla frå 1974. I 1985 vart han vald nestleiar i Norsk Olje og Petrokjemisk fagforbund (NOPEF), og leiar i 2000. I 2006 vart han fyrste leiar av Fagforbundet for industri og energi, som vart starta i 2006 ved ei samanslåing av tidlegare NOPEF og Kjemisk forbund. Det nye forbundet har 45.000 medlemer. Sande har vore politisk aktiv i SV, mellom anna vararepresentant til Stortinget. Sidan 2000 er han medlem i Arbeidarpartiet.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen vart skipa i 1987 og organisasjonen har i dag desse medlemskommunane: Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy. Gulen og Osterøy er assosierte medlemer. Gulen har no søkt om fullt medlemskap, og det er venta at Osterøy vil gjera det same etter kommunestyremøtet 28.mars. Frå og med 1995 tok regionrådet over funksjonane til Nordhordland Tiltakskontor.
I 2003 vart organisasjonen omgjort til eit interkommunalt selskap( IKS) med namnet Regionrådet Nordhordland IKS. Føremålet til regionrådet er å arbeida med saker av felles interesse for kommunane, og fremja regionen sine interesser andsynes ”fylkes- og riksnivået og i internasjonal samanheng”.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no