Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jan Erik Andreassen ny leiar i Sunnmøre Mållag

 (06.03.2007)

På årsmøtet til Sunnmøre Mållag 3. mars vart Jan Erik Andreassen ny leiar i Sunnmøre Mållag. Med seg i styret fekk han Hilde Myklebust, Vanylven, Ingvild Aursøy Måseide, Ulstein, Gudrun Folkedal, Volda og Terje Kjøde, Ørsta. Varamedlemer vart Marit Brekke, Volda og Sissel Røsberg, Ålesund.

Det var Sula Mållag som var vertskap for årsmøtet som vart halde på Sunde Fjordhotell. Der møttest 25 utsendingar frå mållaga på Sunnmøre. Årsmøtet vart greitt avvikla i ein optimistisk tone. Den viktigaste saka i året som gjekk, var arbeidet mot framstøyten frå Høgre om å gjere Møre og Romsdal til eit språknøytralt fylke. Med innsats frå mange gode krefter vart det solid fleirtal for at nynorsk framleis skal vere styringsmålet i Møre og Romsdal fylke. Arbeidsprogrammet for 2007 har tre hovudsaker: Lagsbygging, m.a. skiping av mållag i Vanylven, arbeid for nynorsk i lokalt næringsliv og framhald av samarbeidet med Nynorsk kultursentrum i Ørsta.

Målprisen 2007 frå Sunnmøre Mållag vart delt ut til Tussa Kraft. Konsernsjef Elling Dybdal spurde i sin takketale om kva er vel meir naturleg enn å kommunisere på nynorsk? Nynorsk er ein felles streng å spele på. Tussa Kraft har 250 medarbeidarar – også mange med bokmålsbakgrunn eller med utanlandsk bakgrunn. Godt språk er eit mål, og Tussa Kraft har gode rutinar og bruker ressursar for godt språk. Dybdal var svært glad for påskjøninga og sa at målprisen inspirerer til vidare arbeid.

Sula Mållag fekk ros for eit godt tilrettelagd årsmøte og for fine kulturinnslag. Ved opninga av årsmøtet vart dei premierte nynorskinnslaga frå Ungdomens kulturmønstring i Sula dei to siste åra framførde. Seinare på dagen tok Olav Budal og Jens Arne Molvær oss med på ei vandring i ord, tonar og bilete - ”Det går an å leva i kvardagen også”. Dei to trollbatt forsamlinga der dei på ein framifrå måte formidla viktige verdiar i eit godt liv. Og etterpå fekk dei to kulturarbeidarane lang og velfortent ståande fagning.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no