Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Per Sivle – 150 år og like levande

 (09.03.2007)

Det er hundre og femti år sidan Per Sivle vart fødd, og dette vert markert med ei innhaldsrik langhelg 12.–16. april i Skien, Oslo og i Drammen.

12. april skal Diktets Venner ha ei markering i Skien, der Jens Brekke, leiaren i Sivlelaget, skal halde eit foredrag på Dag Bondeheim.

Fredag er det “Lunsj med kultur” i Universitetsbiblioteket på Blindern vigt til programmet “Per Sivle 150 år, men like levande…” der Jens Brekke skal fortelje om Sivle og diktinga hans og lese Vossastubbar. Ein klasse frå Steinerskulen i Bærum, leidde av Helga Brekke, skal framføre Sivle-dikt og Ingvild Bryn skal både leie allsongen og fungere som programvert. Det byrjar kl. 12.15.

Dagen etter går turen til Nasjonalbiblioteket. Alfred Fidjestøl, som held på med ein Sivle-biografi, skal halde eit fordrag. Koret Norske kammersangere, med dir. Jon Fylling, skal framføre både nykomponerte (Fylling/Ruder) og kjende tonar til Sivle-tekstar. Lise Fjeldstad skal lese Sivle-dikt, og både Steinerskuleelevane, Jens Brekke og Ingvild Bryn vil også underhalde. Dette arrangementet er støtta av Bergens Riksmålsforening. Her startar ein kl. 14.00.

Sundag vert det minnegudsteneste i Strømsgodset kirke, i Drammen, med kransing av bautaen på kyrkjegarden der Sivle ligg gravlagd. Kyrkjekaffi med rikeleg kulturell, litterær og lekamleg føde. Møt opp kl. 11.00.

Alt anna enn mat og drikke er gratis.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no