Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Braut AS

 (13.03.2007)

Rogaland Mållag har tildelt Målprisen 2007 til firmaet Braut AS på Klepp, som sel sekker med Torvtak, Plenkrutt og Dasskrutt.

Braut AS driv med forsking og utforming innan bioteknologi. Firmaet, som har 4 tilsette, sel tusenvis av sekkar med gjødsel årleg. All deira marknadsføring er på nynorsk. Dei reklamerer på nynorsk i dagspressa, har nynorsk heimeside og gir ut materiell på nynorsk. Produkta har folkelege namn som Torvtak, Plenkrutt og Dasskrutt. Dei har mot til å gå imot straumen og ser at nynorsk ikkje er til hinder for å avertere på denne målforma. Tvert om, har marknadsføring på nynorsk ført til stort sal. På Austlandet køyrde firmaet store annonser i dagspressa. Det fekk ei av dei fine fruene på Frogner til å utbryte: -Det er så nydelig når dere skriver på dialekt! Prisvinnaren fekk eit diplom og måleri laga av kunstnaren B. Fowels-Landmark.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no