Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vellukka årsmøte i Karmsund

 (15.03.2007)

Nynorsk i den vidaregåande skulen var tema då leiaren i Noregs Mållag, Hege Myklebust, gjesta Karmsund Mållag sitt årsmøte i Etne.

Målbyte ved overgang til vidaregåande utdanning er for stort, utan at det føreligg nokon reell statistikk på dette. Grunnar til dette kan vera ar nynorsken har for låg status og at me lever i eit univers som er bokmålsdominert. Rådgjerder er forutan Målungdomen sine ”målferder”, å gjera nynorsken meir synleg i kvardagen. Filmar med nynorsk tekst er eit satsingsområde i tida som kjem. Det vart understreka at elevar i vidaregåande utdanning har rett til å velja målform. Difor må fylka som eig dei vidaregåande skulane lysa ut at lærarane må meistra båe målformer. Hege Myklebust viste elles til at motetidskriftet Elle snart kjem med ein artikkel på nynorsk og oppmoda alle til å kjøpa dette.

Årsmøtet sette elles av midlar som lokallaga kan nytta til barnekultur, t.d. kulturavisa Pirion. Vårt store lokallag i Haugesund, HMU, dekkjer i tråd med sin rause tradisjon halve kostnaden for alle som tingar Norsk Barneblad innan Karmsund Mållag sitt område.

Det var 332 medlemer i Karmsund Mållag i 2006. av desse var 25 utsendingar til årsmøtet. Utsendingane kom frå Haugesund, Bokn, Ølen, Etne og Skånevik lokallag. Steinar Aalvik, Etne Mållag, held fram som leiar. Med i styret er Hans Grunnaleite, HMU, Tora Åshild Lie, HMU, Knut Tungesvik, Etne Mållag, Kjell Jamne, HMU, og 1. vara Anne-Ma Eidhammer, Ølen Mållag.
Skulemålsnemda er: Marit K Bjørnseth, Haugesund, Jon Olav Tesdal, Etne, John Ferkingstad, Karmøy, Torfinn Olav Jondahl, Sveio.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no