Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gloppen Mållag med populær gradestokk

 (16.03.2007)

Gloppen Mållag har laga ein ”Gloppen-gradestokk” som raskt har blitt veldig populær.
– Mållaget er opptekne av å halde den lokale dialekten levande og denne gradestokken er eit bidrag til å halde på variasjonane i språket, seier Olin Austrheim, leiar i Gloppen Mållag.

Entusiastiske målfolk i Gloppen. Leiar i Gloppen Mållag, Olin Austrheim er omgitt av styremedlemane. Frå venstre: Hege Lothe, Eli Eide, Olin Johanne Henden og Leidulf Gloppestad.


Det er ein flott gradestokk til å henge på utsida av husveggen. I tillegg til å følgje med på temperaturen, kan du også lese dei lokale uttrykka for temperaturane. Kanskje er ordet ”fjelgt” eit ord du brukar? Viss ikkje, kan du no finne ut kor varmt det er når det er fjelgt. I følgje mållaget er det ”fjelgt” når gradestokken syner tjue grader.

Nytt opplag
Den nye gradestokken var ferdig rett før jul, og opplaget forsvann på få dagar. Mange har spurt om når det nye opplaget er klart. For dette er ein spennande ide, som dei gjerne sikre seg eit eksemplar av.
– Dette er også ei fin gåve både til innfødde og utflytta glopparar, seier Olin Austrheim. Gradestokken vert laga i Ørsta og er av kvit emalje med svart trykk. Den er til sals hjå Olav K. Henden og salet vil gje ei fin inntekt til målarbeidet i Gloppen.

Nytt styre
I februar var det årsmøte. Då heldt Ragnhild Bjørge, journalistpraktikant hjå Nynorsk mediesenter, eit interessant innlegg for nynorsk i media. Meir nynorsk i både aviser og fjernsyn er svært viktig for nynorsken som eit nasjonalt språk. Dei frammøtte var svært engasjert i dette emnet. På årsmøtet vart det også valt nytt styre i Gloppen Mållag. Leiar Olin Austrheim tok attval. Dei andre styremedlemmane er Leidulf Gloppestad, Eli Eide, Olin Johanne Henden og Hege Lothe. Varamedlemer er Lillian Støyva og Inghild Røyseth.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no