Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Helge Rykkja

 (16.04.2007)

På årsmøtet til Telemark Mållag på Dalen i Telemark laurdag 14. april blei målprisen 2007 tildelt Helge Rykkja.

Leiar i Telemark Mållag Ragnar Lurås (t.h.) overrekkjer målprisen; eit tresnitt av Terje Grøstad, til Helge Rykkja


I grunngjevinga for prisen som blei lagt fram av leiaren i Telemark Mållag Ragnar Lurås, heiter det mellom anna:
Telemark Mållag har i år valt å heidre ein trugen brukar av det nynorske skriftspråket i ein kommune der det meste går føre seg på bokmål. Målprisen i år går til ein person som er poet og forfattar, politikar og lærar i ungdomsskulen. Helge Rykkja er født på Mysen i Østfold, og har budd mange stader i landet før han slo seg ned i Kragerø i 1974.Slekta hans rommer ei grein av målfolk og folkehøgskulefolk, derifrå kjem også den norske, og trøndske, forma på namnet. Helge Rykkja debuterte med si fyrste diktsamling i 1966. Han har opplevd noko så sjeldan som at dikt han har skrive har blitt bruka som ei åtvaring frå talarstolen i Stortinget i 1968. Det førte til at heile opplaget på 3000 blei selt ut. 11-12 bøker det blitt, dei aller fleste, og alle dei seinare bøkene er på nynorsk.

Helge Rykkja har no avslutta si aktive lærargjerning og kan bruke enno meir tid på skriving og politisk arbeid. Han er innvald i kommunestyret i Kragerø for RV fleire gonger, og sit no som nestleiar i bygningsrådet i hyttekommunen ved kysten. Og brukar nynorsk i arbeidet han utfører som folkevald. Helge Rykkja nyt stor respekt for sitt politiske arbeid, og det er ikkje utan grunn av han blir nemnd som ordførarkandidat ved kommunevalet til hausten. Dermed kan Kragerø få ein nynorskbrukar som ordførar.

Målprisvinnaren er kanskje ein av få forfattarar som blir inspirert til å skrive dikt tufta på bakgrunn av politisk arbeid i bygningsrådet, slik det kjem fram i den siste samlinga hans som kom i 2006; ’bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar’. Målprisvinnaren har ei eiga heimeside på nynorsk der han presenterer dikta sine, og der dei som tek turen innom blir oppmoda til å koma med tilbakemeldingar. Gjerne også på dikt som enno ikkje har funne si faste form.

Nynorsk er eit skriftspråk, og for mange er det lett å gløyme det. Eit skriftspråk som byggjer på det norske talespråket. Det vil Telemark Mållag vere med på å understreke med å heidre årets målprisvinnar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no