Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris 2006 til Ragnar Hovland

 (28.04.2007)

Foto: Samlaget
Noregs Mållag har gitt Nynorsk barnelitteraturpris 2006 til Ragnar Hovland for boka "Fredlaus". Utdelinga fann stad på landsmøtet til Mållaget på Værnes. Hovland kunne ikkje møte sjølv, men hadde sendt ein takketale. Der stod det m.a. at "Eg lar dette vere til inspirasjon og styrke for meg, og lovar å gjer mitt beste også ved neste korsveg". Prisen er på 15.000 kroner. Hovland har fått prisen tre gonger tidlegare. Han har tidlegare fått kritikarprisen for "Fredlaus".

I juryen sat Randi Brenden, Nana Riise-Lynum og Eirk Vassenden. Dei meinte fylgjande:

"Nynorsk barnelitteraturpris 2006

Ragnar Hovland har med Fredlaus skrive ein ungdomsroman som er like djupt humoristisk som han er eksistensiell. Boka rører ved ein sentral og tradisjonell oppvekstproblematikk – lausrivinga og opprøret, men går langt ut over den vanlege måten å handtere slike tema på.

På utsida er Fredlaus forteljinga om 15 år gamle Andreas som rømmer heimefrå og slår seg til i eit tomt hus i skogen etter at foreldra har fortalt at dei skal skilje seg. Men på innsida er denne romanen eit mangslunge univers som rommar både identitetsproblem, sosialhistorie, religiøse grubleriar og sivilisasjonskritikk.

Tonen i boka skildrar poetisk treffsikkert og stiller seg heilt solidarisk med den merkelege blandinga av det vaksent skråsikre og det sårbart utrygge som pregar ungdomsåra. Fredløysa gjeld altså som ein dobbel metafor: Ungdommen er alltid ein rømling.

Litterært har Hovland skrive ein roman som òg ber eitt av kjennemerka til god ungdomslitteratur, nemleg det at han treff både primærlesaren og voksenlesaren. Dialogen med den litterære tradisjonen er klar og open, som vanleg i denne forfattarskapen; her finst både Dickens’ foreldrelause, Hamsuns nybrotsmenn og Garborgs grublarar, men dei er tilstades utan å verke påtrengande. I sin (gjen)bruk av skoggangsmann- motivet rører Hovland ved ein kulturkritikk vi finn hos andre samtidsforfattarar, og han problematiserer førestellingane om eit liv i flukt og ”fridom” – men heilt utan å moralisere over det naive og vanskelege i slike prosjekt.

Men først og fremst har Ragnar Hovland med Fredlaus skrive ei framifrå bok – for og om både ungdom og voksne. Derfor får han Nynorsk barnelitteraturpris for 2006."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no