Under landsmøtet på Værnes heidra Noregs Mållag Arne Johannesen, leiar for Politiets Fellesforbund, med Målprisen 2007.
- Det er flott at ein fagforeiningstopp som er så mykje framme i media vel å bruka nynorsk, sa leiar i Noregs Mållag Hege Myklebust. - Johannessen snakkar ein tydeleg og klår nynorskdialekt, og skriv nynorsk i alt han sjølv fører i pennen. Dermed er han med på å gjera nynorsk synleg som bruksspråk.
Arne Johannessen takka varmt for prisen. - Det er eit tankekors at ein vert heidra for noko så naturleg som å skrive sitt eige opplæringsmål og å snakke sin eigen dialekt, sa Johannessen.