Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorske lærebøker til jul?

 (20.05.2007)

Det er på høg tid at det evige problemet med manglande nynorske læremiddel vert løyst. Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet må for alvor ta tak i saka. Noregs Mållag krev at det ein gong for alle vert slutt på diskrimineringa av nynorskelevane!

I følgje Opplæringslova § 9.4 har elevar med nynorsk som hovudmål krav på å få lærebøker og andre læremiddel til same tid og pris som elevar med bokmål som hovudmål. Men dette kravet er brote fleire gonger, seinast sidan skulereformen ”Kunnskapsløftet” vart innførd hausten 2006. Mange forlag hadde ikkje læremidla på nynorsk klare til skulestart. Då haustferien kom, var det framleis mange elevar som enno ikkje fått lærebøkene sine på nynorsk.

Kva er sjansane for at dette ikkje kjem til å henda hausten 2007? Mange forlag skal ha eit høgt tal på utgjevingar, og produksjonstida dei har på lærebøker frå læreplanane er klare til skulestart, er kort. Nynorskbøker kan difor lett verta nedprioriterte. I tillegg melder fleire forlag at det ikkje løner seg å laga læremiddel på nynorsk, og dei vurderer å gje det opp. Men det er ulovleg å ikkje tilby parallellutgåver på nynorsk, og det er staten sitt ansvar å syta for at lova vert fylgt.

Noregs Mållag krev at staten grip inn og gjev nynorskelevane læremidla dei har krav på.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no